Opna trygg heilårsveg til Geiranger

Lokalbefolkning, politikarar og eldsjeler sørga for god stemning då tunnelen mellom Korsmyra og Indreeide blei opna laurdag 9. mars. Busette i Geiranger-området og besøkande kan no glede seg over trygg heilårsveg forbi dei 13 skredpunkta gjennom Indreeidsdalen.

Personar klipper snor. - Klikk for stort bileteSnorklippinga var det politikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune som stod for, ved fylkesordførar Anders Riise (H), fylkesvaraordførar Anne Marit Fiksdal (FrP) og leiar av Nasjonal rassikringsgruppe, Randi Walderhaug Frisvoll (KrF). Ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang (H) og ordførar i Fjord kommune, Terese Jemtegård Moen (Sp) bistod. Else Britt Ervik

- Vi har 700.000 turistar i Geiranger kvart år, og denne tunnelen har stor betydning for oss som skal bu og forvalte verdsarvområdet, sa ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang (H) i sin tale.  

Både han og ordførar i Fjord kommune, Terese Jemtegård Moen (Sp) var svært nøgde med prosjektet. Jemtegård Moen understreka at dette betydde mykje for bygdene.  

- Dette er meir enn berre ein tunnel, no har vi ein tryggare og meir føreseieleg veg mellom Eidsal og Geiranger heile året, sa ho.  

Viktig vegprosjekt for fylket

I strålande sol blei det mange besøkande til opninga av den 4,9 kilometer lange Indreeidstunnelen. Eidsdal idrottslag arrangerte rebusløp før tunnelen blei opna for biltrafikk, og Union hotell serverte kake og kaffi.  

Markeringa starta ved tunnelen på Indreeide kl. 13.00. Prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Stig Vindenes, ønskte velkommen medan Viktoria Standal stod for det kulturelle innslaget med song. Det ærefulle oppdraget med snorklipping fekk politikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune, ved fylkesordførar Anders Riise (H), fylkesvaraordførar Anne Marit Fiksdal (FrP) og leiar av Nasjonal rassikringsgruppe, Randi Walderhaug Frisvoll (KrF).  

Anders Riise ga heider til dei lokale kreftene som hadde stått på for å få realisert prosjektet.

- Dette er eit viktig vegprosjekt for fylket vårt, både for dei fastbuande i Geiranger, turistar og ikkje minst for dei som skal drive næringsverksemd, sa Riise.

Tunnelen er topp moderne og følger alle forskrifter og sikkerheitskrav. Tunnelen har vore gjennom omfattande testar, og lokalt brannvesen har øvd på hendingar i tunnelen.  

- Tunnelen er trygg å køyre og følger alle sikkerheitskrav, sa samferdselsdirektør i fylkeskommunen, Jesper Wiig.  

- Vi vil oppmode alle om å køyre etter fartsgrensa, og ikkje skape farlege situasjonar på vegane våre. Dette får vere alvorspraten vi tek på denne elles flotte festdagen.  

Spanande prosjekt og godt samarbeid

Vegprosjektet Korsmyra-Indreeide mellom Eidsdal og Geiranger består av ein 4,9 kilometer lang tunnel gjennom eit område som er utsett for snøskred. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore byggherre på prosjektet med Stig Vindenes som prosjektleiar og Erlend Aune som byggeleiar.  

- Dette har vore eit spanande prosjekt, der vi har løyst dei utfordingane som kom undervegs, fortel Vindenes.  

- Vi er glade for å ha komme vel i hamn saman med entreprenørane Volda Maskin AS og Kruse Smith anlegg AS.  

Sjå bildekarusell frå dagen: