Opna verdas to første asfaltfabrikkar på hydrogen

Sidan 2018 har Møre og Romsdal fylkeskommune vore ein pådrivar for omstilling frå fossil energi for asfaltproduksjon til grøn hydrogen produsert av elektrisitet. No har Veidekke opna dei to første fabrikkane; i Kristiansund og i Ålesund.

Tre personar ved ein tilhengar. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise fekk æra av å offisielt opne dei to asfaltfabrikkane. Til venstre konserndirektør Øivind Larsen frå Veidekke og til høgre Benninghoven sin teknikar. Veidekke

Fylkeskommunen etablerte dialogen med Veidekke i 2018 med sikte på fossilfri asfaltproduksjon, dette med bruk av grøn hydrogen. Dialogen resulterte i arbeid med ein moglegheitsstudie i 2019.

Hausten 2023 etablerte Veidekke ein pilot i Kristiansund. Og no er dei i gang med fabrikk nummer to i Ålesund. Desse er verdas første asfaltfabrikkar for grøn produksjon av asfalt.

Offisielt opna

Onsdag blei fabrikkane offisielt opna. Det skjedde i samband med eit miniseminar i Ålesund om hydrogen.

Konserndirektør Øivind Larsen i Veidekke seier fabrikkane er eit ledd i det grøne skiftet med utfasing av fossil energi. Og han gir ros til fylkeskommunen for å vere framsynt:

– Dette hydrogeneventyret starta i 2019 som eit resultat av moglegheitsstudien som vart initiert av Møre og Romsdal fylkeskommune. For oss er det viktig å ha ein visjonær fylkeskommune som tør å tenke nytt og tenke framover på det grøne skiftet. At Møre og Romsdal fylkeskommune har ambisjonar og visjonar, passar glimrande og har vore avgjerande for at vi i Kristiansund og Ålesund har fått til verdas to første asfaltfabrikkar som kan produsere med hydrogen, seier Veidekke sin konserndirektør.

Fekk æra av å opne

Fylkesordførar Anders Riise fekk æra av å offisielt opne Veidekke sine to anlegg.

– Hydrogen kjem til å få ei viktig rolle i energiomlegginga, og vi har fleire gode føresetnadar i Møre og Romsdal. Men for å få til ei verdikjede for hydrogen, så krev det samarbeid, seier Riise.

I sitt innlegg under miniseminaret fortalte han korleis fylkeskommunen jobbar med hydrogen. Og nettopp hydrogen er ei av ni nøkkelverdikjeder som vert løfta fram i Grønt Industriløft Møre og Romsdal. Prosjektet har som mål å styrke grøne og sirkulære prosjekt med stort vekst- og skaleringspotensial, vere ein katalysator for framvekst av grøne verdikjeder på tvers av sektorar og akselerere den grøne omstillinga i næringslivet i Møre og Romsdal.