Totalt er det investert nær 280 millionar kroner i dei to anlegga. Dette betyr gode fasilitetar for køyretøya til kollektivtrafikken i fylket, og betre arbeidsforhold for sjåførane.
Samferdselsdirektør Jesper Wiik vil ønske velkommen til opninga og det vil bli ei omvising for å vise korleis dei nye anlegga fungerer.
Møre og Romsdal fylkeskommune har vore byggherre for prosjekta, med Toro Byg g AS som totalentreprenør på begge byggeprosjekta. Bygg – og eigedomssjef Torgeir Haukebø seier om anlegga at:
- Dette har vore viktige byggesatsingar for fylkeskommunen. Vi har fått levert funksjonelle og framtidsretta anlegg med høg kvalitet.
Avdelingsleiar i FRAM, Stig Helle-Tautra, legg til at gode depot gir betre kvardagar for sjåførane.
- Det blir ei tryggare drift. Depota er viktige investeringar for å sikre eit stabilt og godt kollektivtilbod, seier Helle-Tautra.
Om dei nye bussdepota og opninga:
Kristiansund - Pilotveien 14
Tid: 14. januar klokka 10.00
Bussdepotet i Kristiansund har ei kostnadsramme på 110 millionar kroner og har vore i drift i snart eitt år. No blir det offisiell opning av anlegget, som omfattar ei tomt på om lag 11 mål og har oppstillingsplass for 35 bussar, der 20 har lading.
Bygninga på 780 m² blei ferdigstilt i november 2024. Den inneheld kontor, pauserom, garderobe, vaskehall med bussvaskemaskin, klargjeringshall og servicehall. Depotet tener bybussane i Kristiansund, bussane til og frå Frei, i tillegg til FRAM Ekspress-linjer.
Molde - Khronsvingen 11
Tid: 14. januar klokka 13.30
Depotet har oppstillingsplassar og ladeinfrastruktur for 30 bussar. Desse blei tekne i bruk allereie hausten 2024. Den tilhøyrande bygninga på 630 m² blei ferdigstilt og teken i bruk i september 2025.
Anlegget inneheld kontor, pauserom, garderobar, klargjeringshall og servicehall – og Molde sin største vaskehall for bussar. Vaskehallen er utstyrt med moderne teknologi som gir høg kvalitet på reinhald. Heile bussdeponiet i Molde har ei kostnadsramme på 167 millionar kroner.
Depotet tener bybussane i Molde, bussane til og frå Hjelset og Kleive, i tillegg til FRAM Ekspress-linjene.