Opnar for vaksne i betongfaget etter klare ønske frå bransjen

Møre og Romsdal fylkeskommune opnar no for søknadar til vidaregåande opplæring for vaksne i betongfaget. Tilbodet kjem som direkte svar på tydelege innspel frå bygg- og anleggsbransjen.

Bransjen har meldt om aukande mangel på betongfagarbeidarar over fleire år.

I samarbeid med Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk (BYGGOPP) etablerer kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen no eit opplæringsløp som skal gi vaksne moglegheit til å ta fagbrev – same kvar i fylket dei bur. Ressurssenteret på Nordre Sunnmøre koordinerer opplæringa, men gjennomføringa skjer ved ressurssentera over heile fylket og i lokale bedrifter.

Slit med rekruttering

BYGGOPP har allereie varsla at dei kan etablere opp mot 30 nye praksisplassar for vaksne deltakarar som startar i betongfaget, etter tydelege signal frå medlemsbedriftene om at dei slit med rekruttering – særleg på Sunnmøre og Nordmøre.

Det nye tilbodet blir organisert som ein kombinasjon av ein dag skule og fire dagar opplæring i bedrift. For dei som allereie har norsk og samfunnskunnskap frå vidaregåande opplæring, kan heile løpet gjennomførast i bedrift. Tilbodet passer for vaksne over 19 år som trivst med fysisk arbeid, varierte oppgåver og kan kommunisere på norsk både munnleg og skriftleg. Førarkort klasse B og evne til å reise noko i samband med opplæringa er ein fordel.

Opplæringsløpet blir individuelt tilpassa, der tidlegare erfaring og utdanning blir vurdert før ein startar. Det kan òg vere mogleg å prøve seg i ei bedrift før opplæringa startar dersom ein er usikker på om faget passar.

Stor etterspurnad

Betongfaget omfattar forskaling, armering og støyping av konstruksjonar, og det er eit fag med stor etterspurnad i heile bygg- og anleggsnæringa.

Søknader blir levert på vigo.no under fana for vaksne som søker vidaregåande opplæring.

Meir informasjon om sjølve faget finst på vilbli.no, medan spørsmål om søknadsprosessen kan sendast til vakseninntak@mrfylke.no.