Møre og Romsdal fylkeskommune har klargjort strekningane Valldal-Trollstigplatået og Geirangerfjellet på fylkesveg 63 etter vinteren. Fredag 25. april opnar begge strekningane.
Frå Geirangerfjellet i 2020: Fresing av siste etappe frå Geiranger til Langvatn 15. juni 2020. Då var det mykje snø i fjellet.
Veidekke AS
Valldal – Trollstigplatået opnar klokka 12.00, medan Geirangerfjellet opnar kl. 15.00. Dette er rekordtidleg.
-Geirangerfjellet har ikkje vore opna så tidleg sidan tidleg på 90-talet. Det har vore ein relativt snøfattig vinter på begge strekningane. Samstundes er det ikkje lenge sidan vi hadde skredaktivitet på begge stader, så vi gjorde ei riktig vurdering ved ikkje å opna tidlegare. I og med at vegstrekningane opnar så tidleg på sesongen, kan det vere risiko for at vegen kan bli stengt på kort varsel ved utfordrande vêr og føre, seier Torgeir Bye, seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.