Illustrasjonsfoto.
Tingh
Høyringa gjeld heile fylket og omfattar både studieførebuande og yrkesfaglege tilbod. Kommunar, skolar, elevar, tilsette og andre interesserte er inviterte til å gi innspel.
Her kan du lese høyringsdokumentet og sende inn høyringsinnspel
Høyring først, så innstilling
Dokumentet er eit framlegg, ikkje ei ferdig innstilling. Endeleg innstilling blir lagt fram etter at høyringssvara er behandla.
Saka byggjer på tidlegare politiske vedtak om skole- og tilbodsstruktur og eit breitt kunnskapsgrunnlag om elevtalsutvikling, kompetansebehov, kvalitet, skoleskyss og økonomi. Framlegget er oppdatert med nye søkartal og justerte prognosar.
Foreslår endringar
Høyringsframlegget foreslår endringar i tilbod ved vidaregåande skolar, til dømes nedlegging- eller oppstart av utdanningsprogram og programområde. Målet er å tilpasse tilbodet til venta elevtalsnedgang, og sikre berekraftige og føreseielege opplæringstilbod som er tilpassa både arbeidslivet sitt behov og kva elevane ønskjer.
Vedtak i november
Innstillinga til saka vil vere klar i slutten av oktober, etter at alle høyringssvar er komne inn og behandla. Saka skal til sluttbehandling i kompetanse- og næringsutvalet 9. november 2026.