Opnar Trollstigen fredag 7. juni

Etter å ha gjennomført ei grundig risikovurdering, og sett inn risikoreduserande tiltak, vil Møre og Romsdal fylkeskommune opne Trollstigen for trafikk fredag 7. juni, kl. 10.00.

Situasjon med steinnedfall har dei seinaste åra vorte meir uføreseieleg i Trollstigen. På bakgrunn av dette, og at det i år har vore spesielle forhold med mykje is i Kjelstadlinja, har fylkeskommunen gjennomført ei omfattande risikovurdering knytt til opning av vegen. 

Oersiktsbilete over Trollstigen - Klikk for stort bileteTrollstigen Møre og Romsdal fylkeskommune

-Vi såg at det var behov for ein skikkeleg gjennomgang av situasjon i Trollstigen, og tryggleiken til trafikantane, for å vurdere opning av vegen. Høva i Trollstigen er krevjande. Vi har landa på at vi kan opne om vi innfører ei rekke risikoreduserande tiltak. Formålet med desse tiltaka er å redusere eksponeringstida for trafikantar i dei mest utsette områda, og bidra til betre trafikkflyt, seier Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Kan bli hyppigare stengingar

Det blir innført fire tiltak i den mest utsette Kjelstadlinja, og sju generelle tiltak i Trollstigen. Formålet med desse er å hindre kødanning og minst mogleg tid i dei mest utsette områda. Samstundes kan det bli hyppigare stengingar ved steinnedfall, eller fare for dette, som følgje av ei ny stengeprosedyre. 

- Bakgrunnen for den nye prosedyren er at vi opplever at steinnedfalla er meir uføreseieleg enn tidlegare. Det kjem stein òg når det er finvêr. Ved nedfall av stein over ein viss mengde og storleik, kan vegen bli stengt på kort varsel slik at entreprenør, og eventuelt geolog, kan gjera ei best mogeleg vurdering av ytterlegare fare for nedfall. I slike situasjonar må trafikantar rekne med ei stenging på minimum 2 timar. Dette blir gjort for å auke tryggleiken, men òg for å gjere det meir føreseieleg for trafikantane, seier Tønnesen.

Vegen kan òg bli stengt på førehand når det er meldt betydeleg nedbør, eller om det er andre indikasjonar på auka fare for nedfall.

Kva med fjellsikring?

Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med eit forprosjekt for fjellsikring i Trollstigen. Denne rapporten er planlagd ferdigstilt hausten 2024. Val av konsept, med eit grovt kostnadsoverslag, blir lagt fram for politisk behandling i slutten av 2024.  Finansiering må vere på plass før tiltak kan gjennomførast.

11 tiltak i Trollstigen

Kjelstadlinja

  1. Trafikkdirigering i ei retning om gongen, med utvida dirigeringssone. Det blir stoppepunkt og dirigering nedanfor Brandlisvingen samt på strekning ovanfor Nikkasvingen. Det blir trafikkdirigering dagleg frå kl. 10:00 - 17:00 i veke 28-32, når det er høgsesong. Det kan òg bli trafikkdirigering utover dette når det er stor trafikk og fare for opphoping av køyretøy.
  2. Unngå følgjeproblem med kødanning øvst og nedst i Trollstigen ved å ha trafikkdirigentar på staden.
  3. Forbodsskilt som seier «Stans forbode» i område med trafikkdirigering. Dette gjeld òg mjuke trafikantar.
  4. Trafikklomme ved Stigfossbrua blir sperra for å ikkje legge opp til stans i skredutsett område.
     

Generelle tiltak i Trollstigen

  1.  Opninga vart utsett til is- og snøsmelting var avslutta.
  2. Ny stengeprosedyre i 2024 ved steinnedfall eller for høg risiko for nedfall. Vil kunne medføre hyppigare stenging på kort varsel.
  3. Etablert ekstra stengepunkt lengre nede i Isterdalen på grunn av skredfare. 
  4. Fareskilt «Rasfare» i Trollstigen.
  5. Informasjonsskilt for mjuke trafikantar og syklande.
  6. Informasjon om risiko for steinnedfall til aktørar som driv med sykkelutleie.   
  7. Entreprenør køyrer inspeksjon av vegstrekninga kvar dag før kl. 08.00.