Opning av Norges mest moderne fjøs på Gjermundnes

Framtidsretta fjøs gir betre kår for både dyr og elevar.

Mann i dress klippar snor for å markere opning - Klikk for stort bileteStortingsrepresentant Geir Inge Lien stod for den offisielle opninga Jan Ragnvald Eide

Det var ein stor dag på Gjermundsens VGS då den nye undervisningsfjørsen opna med brask og bram. Konstituert rektor Tone Syltebø sto i spissen for eit flott arrangement. Hundrevis av personar, store som små var møtt fram og fekk høyre ein rekke gode ord frå politikarar, entreprenørar og tilsette ved skulen.

Eit signalbygg for berekraft og innovasjon

Stortingsrepresentant Geir Inge Lien er tidlegare tilsett ved skolen og fekk æra av å stå for snorklippinga. Han nytta anledninga til å skryte av elevar og tilsette ved skulen som har levert godt gardsarbeid over lang tid. 
«Her har det blitt produsert kvalitetsmjølk og kjøt i 28 samanhengande år, det er ei kjempebragd».

To menn gir kvarandre eit handtrykk - Klikk for stort bileteBygg- og eiendomssjef Torgeir Haukebø takka for samarbeidet i prosjektet Jan Ragnvald Eide

Møre og Romsdal fylkeskommune blei trekt fram av entreprenørane som «tøff i trynet» når det gjeldt miljøkrava til bygget. Alt frå bruk av lågutsleppsbetong stor bruk av trevirke gjer det til eit signalbygg for berekraft og innovasjon.

Lausdriftsfjøs med mange moderne hjelpemiddel

Dette er eit nytt og moderne lausdriftsfjøs med flittige robotar som hjelp til med både mjølking, fòring og reinhald. Kyrne går fritt og vel sjølv når dei vil bli mjølka. LED-lys i  taket sørger for nok lys når det trengs for dyra, året rundt. Det har også akustikkplater i taket for å sørge for betre undervisingsmiljø.

Meir attraktivt for elevane - og dyra

To mannlege elever foran eit partytelt - Klikk for stort bileteElevane Magnus Inge Hoemsnes og Noah Mathias Sulen Hansen Jan Ragnvald Eide

Noah Mathias Sulen Hansen og Magnus Inge Hoemsnes kjem frå Hustadvika kommune, men er elevar som bur på internatet ved skulen.

«Det er nesten litt kjedeleg med alle robotane som gjer jobben», seier elevane med glimt i auget. Men dei seier og at ein med slik hjelp får betre tid med dyra som dei meiner får det betre.

«Kyrne går fritt rundt og gjer slik dei vil og vi sparar knea våre når roboten står for mjølkinga.» Noah meiner at kyrne også får meir personlegdom av å gå fritt rundt. Dei trur at den nye fjøsen vil gjere det meir attraktivt å vere elev her.

Tredje undervisningsfjøsen ved skulen

Dette er den tredje undervisningsfjøsen ved skulen. Den første vart bygd tidleg på 1900-talet og fjøsen som har vore i bruk til no kom i 1972. Det er viktig med ein ny fjøs som oppfyll dei nye krava om å drive lausdriftsfjøs. Båsfjøs som har vore mest vanleg til no skal fases ut.

Glad bestyrar

Mann i raud kjeledress - Klikk for stort bileteGardsbestyrar Knut Einar Urke Jan Ragnvald Eide

Gardsbestyrar Knut Einar Urke strålte som ei sol under den regnfylte opninga.

«Både for elevar og arbeidsmiljø og ikkje minst dyra så er det fantastisk å få ein slik ny og god fjøs. Med nye maskiner og automatikk på både mjølking og fôring blir det mindre manuelt arbeid på bonden i fjøsen.

Urke trur slike fjøsar vil gjere det meir attraktivt å drive landbruk:

«Ja, det seier ungdomen sjølv. Skal dei drive vidare er ting som mjølkerobot viktig.»

Elevane sa at dei kunne merke det på dyra at fjøsen var ny, dei fekk på ein måte litt meir personlegdom?

«Ja, hehe. Eg har no kjent dyra mykje lengre enn elevane så eg har meiner dei har hatt bra med personlegdom tidigare, men no når det går meir fritt får ein kanskje ei ku som skal bort og sleike på deg og kose litt så eg skjønner kva dei meiner. Kyrne trivst kjempegodt i nyfjøsen.»

Kan sørge for endå betre rekruttering til skulen

Urke er sikker på at dette vil slå positivt ut for rekrutteringa til skulen.

“Ja, det kan du seie med store bokstavar. Eg veit at det er elevar som har søkt seg ut av fylket på grunn av at vi har hatt ein gamal fjøs, så dette har mykje å seie for rekrutteringa.”

Sjå fleire bilete fra opninga