Opning av ny gang- og sykkelbru i Sunndal fredag 29. mai

Møre og Romsdal fylkeskommune har investert i ny gang- og sykkelbru ved Tredalsbrua i Sunndalsøra. Fredag 29. mai er det offisiell opning.

dronebilete som viser bru over elv, - Klikk for stort bileteSlik ser den nye gang- og sykkelbrua ut Katrine Lødemel Vedeld

Saman med Sunndal kommune ønsker vi å markere opninga av den nye gang- og sykkelbrua. Arrangementet startar klokka 11.30, og alle interesserte er hjarteleg velkomne.

Det blir ei enkel markering med snorklipping, kake og kaffi.

Den nye brua gir eit tryggare og betre tilbod for gåande og syklande ved Tredalsbrua. Vi håper mange vil vere med og markere opninga. 

Parkering ved Nofima, det er begrensa med plassar.