Opningsmarkering for fv. 64 Bådalen - Vebenstad fredag 18. september

Fredag 18. september kl. 12.00 blir den nye gang- og sykkelvegen mellom Bådalen og Vebenstad opna. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer saman med Averøy kommune og Bådalen bygdalag til markeringa. Alle er hjarteleg velkomen.

Program:

Oppmøte ved den nye gang- og sykkelbrua over Bådalselva.

kl. 12.00 Opningstale ved Hans Olav Myklebust, leiar i samferdselsutvalet. Snorklipping med lokale barn i Bådalen, saman med Hans Olav Myklebust og ordførar i Averøy Ingrid Ovidie Rangønes 

kl. 12.15 Felles avgang til Bådalstun 

ca kl. 12.30 Program Bådalstun, taler og hilsener, kaffi og kake. 

•    Samferdselsdirektør Jesper Wiig Tale ønsker velkommen
•    Tale ved ordførar i Averøy, Ingrid Ovidie Rangønes
•    Tale ved fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen
•    Tale ved representant for Aurstad Tunnel AS
•    Blomsteroverrekking