Opningsmarkering for nye ferjekaier på Eidsdal–Linge

Onsdag 2. oktober markerer Møre og Romsdal fylkeskommune at dei nye ferjekaiene i sambandet Eidsdal–Linge er ferdigstilte. Opningsmarkeringa blir del av ein flott festdag på Linge ferjekai, der Fjord1 også skal døype MF Sunnylvsfjord og MF Norddalsfjord.

En ferjekai med en ferje. Foto - Klikk for stort bileteOnsdag 2. oktober blir det opningsmarkering på Linge. Møre og Romsdal fylkeskommune

Dåpen av MF Sunnylvsfjord startar klokka 14.00, og etter denne seremonien blir det opningsmarkering for dei nye ferjekaiene klokka 14.40. Her blir det snorklipping, talar og musikalske innslag.

Etter opninga, rundt klokka 15.10, blir det døypt enda ei ferje, MF Norddalsfjord.

I teltet på kaia blir det servering av kaker, kaffi, svele og brus.

I tillegg inviterer Fjord1 også publikum til ein spennande visningstur med MF Norddalsfjord klokka 15.35.

Vi håpar at mange vil vere med å feire dåpsfest, nye ferjekaier og nytt miljøvennleg ferjetilbod onsdag 2. oktober på Linge.

Vi oppmodar dei som kjem i bil om å parkere langs oppstillingsfeltet oppe på fylkesvegen.

Velkommen!