Oppstart av nytt internship-kull ved Campus Kristiansund

Måndag 18. september starta andre året av United Cities Internship Program ved Campus Kristiansund. Dei neste åtte månadane skal ti kandidatar som alle brenn for berekraftig utvikling, jobbe på ulike berekraftsprosjekt og delta på faglege samlingar.

Foto av ei gruppe personar som står utandørs - Klikk for stort bileteInternship-kullet 2023/24 under oppstarten 18. september Roland Mauseth

Internship-programmet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristiansund kommune og United Cities AS, som jobbar for å auke kapasiteten og kompetansen på berekraftig utvikling. Programmet rekrutterer unge nyutdanna frå heile verda, og programmets andre kull består av ti kandidatar frå åtte ulike land med bakgrunn innan ei rekke ulike fagretningar relatert til berekraftig utvikling.

Programmets andre kull er no i gang med ei tre vekers introduksjonsmodul kor dei mellom anna vil få ei innføring i sentrale metodar, norsk samfunn og arbeidsliv, berekraftsarbeid i Møre og Romsdal, og prosjektleiing. Etter introduksjonsmodulen vil dei jobbe på ulike berekraftsprosjekt i offentleg og privat sektor, som er basert lokalt, regionalt og internasjonalt. Dei vil også gjennom opphaldet delta på jamlege seminar og workshops kor dei vil lære om metodikken, teknologien og verktøya som skal gjere dei i stand til å jobbe med eit mangfald av interessentar og bli effektive «changemakers» for berekraftig utvikling.