Ørskog Historielag gir Paktarhuset nytt liv

Ørskog Historielag har dei siste åra lagt ned eit utal dugnadstimar for å sette Paktarhuset på Ørskog Prestegard tilbake til opphavleg stil.

Arbeidsfolk. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Bjarne Leikarnes (dørsnikkar), Frank O’Brian Svingeseth (assistent og medlem av Paktarhusnemnda), Ragnar Bakken (leiar for historielaget) og Runar Amdam (assistent og medlem av Paktarhusnemnda). Ove Eide (assistent og leiar for Paktarhusnemnda)

Huset, som er freda etter kulturminnelova, har fått restaurert inngangsparti og fasadar gjennom eit grundig og fagleg solid prosjekt.

Paktarhuset, som historielaget eig, er truleg eit ferdighus frå Glomset, bygd rundt år 1900, og vart freda i 1991. Arbeidet har vore drive fram av Paktarhusnemnda med Ove Eide som leiar, saman med Runar Amdam, Peder Håvik, Frank Robert O’Brian Svingeset og Frank Abelseth. Historielaget har over 300 medlemmar.

Laga «ny» ytterdør

Den opphavelege ytterdøra var bytta ut for lenge sidan og passa ikkje inn på bygninga. I samarbeid med fylkeskommunen har historielaget tilbakeført inngangspartiet til opphavleg utsjånad, og resultatet er imponerande. For å sikre at døra fekk korrekt utforming, har historielaget gjort eit grundig arbeid med å leite fram gamle foto av Paktarhuset og analysere detaljane. Dei har også undersøkt liknande dører i lokalmiljøet for å finne dei rette proporsjonane og detaljane. Ei viktig inspirasjonskjelde var døra på gamle Ørskog Sparebank, som er oppført i om lag same periode.

Tidsriktige detaljar

Ferdig snikra og montert ytterdør. - Klikk for stort bilete Ove Eide, Ørskog Historielag

Handverkar Bjarne Leikarnes har laga døra i malmfuru og måla med linoljemaling. Ho har tidsriktige detaljar som ornamentering i overgangen mellom rammeverk og speil, hengsler, skåter, messinglist og andre element som høyrer heime i historia. Snikkar Per Kjell Holtleite har tilbakeført fasadane til opphaveleg stil, medan Løvhammer og malarmeister Ramsvik har gjort resten av arbeidet med presisjon og omsorg.

Freding etter kulturminnelova betyr at bygninga er vurdert som nasjonalt viktig, og det er svært få kulturminne som har denne statusen. Ørskog Prestegård blei freda i 1924, og paktarhuset blei freda i 1991.

Støtte frå fylkeskommunen

Med støtte frå ordninga «Freda kulturminne i privat eige» som fylkeskommunen forvaltar, fekk Ørskog Historielag tilskot på 150.000 kroner i 2023 til døra og fasadane, i tillegg til 105.000 kroner i 2021 til fasadearbeid. Dei har fjerna plastmaling som skapte råteskadar og måla med linoljemaling, slik det vart gjort opphavleg.