Over 60 timar med samanhengande støyping under vatn på Sørsundbrua

Ein kjempestor logistikkoperasjon der mykje kunne gå gale, endte svært godt i Kristiansund.

Bilder frå anleggsbaried på Sørsundbrua - Klikk for stort bileteArbeidet gjekk døgnet rundt. Rune Skoglie

Lokale entreprenørar og leverandørar samarbeidde om å få 1755 kubikkmeter betong på plass under vatn. For betongleverandøren var det deira største leveranse nokon gong.

Arbeidet blei avslutta fredag 25. september klokka 20. Då hadde Sylteosen Betong levert om lag 240 billass med betong til entreprenøren Christie Nordang. Betongen kom frå anlegga på Averøya og i Molde.

– Dette gjekk så godt som vi kunne håpe på, knirkefritt!
Det seier ein svært nøgd Morten Ugelstad, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han roser samarbeidspartnarane for å finne løysingar for å få den omfattande betongjobben gjennomført.

Rundt 50 arbeidsfolk var i sving under støypeoperasjonen. To blanderi, ti betongbilar som gjekk kontinuerlig og to betongpumper sørga for at betongen kom fram og blei støypt gjennom dei 64 timane.

Omfattande førebuingar under vatn

Støypen strekte seg frå om lag 19 meter under vatn og opp til overflata. Før arbeidet kunne starte, hadde dykkarar og andre fagfolk bora, bygd forskaling og gjort klart rundt dei eksisterande fundamenta.Berre forskalinga veide rundt 140 tonn. Ho blei løfta på plass med ei kran plassert på ein lekter.

Forsterka brua for fleire tiår

Møre og Romsdal fylkeskommune forsterkar og  rehabiliterer Sørsundbrua for å forlenge levetida med vel 30 år. Forsterkinga bidreg til å sikre seglingsleia inn til Kristiansund hamn ved at brua skal tole eit potensielt samanstøyt med skip. Etter planen kan større fartøy passere gjennom Sørsundet igjen rett etter jul.

Krevande prosjektering

Det blei tidleg klart at arbeidet var meir omfattande enn først planlagt. Prosjektet trong derfor meir tid og ei større kostnadsramme. Ramma er no på over 235 millionar kroner.

Prosjektleiar Hallvard Rangnes samanliknar rehabiliteringa med å pusse opp eit gammalt hus: Først når arbeidet er i gang, får ein full oversikt over kva som må gjerast.

Nybrottsarbeid

Etter arbeidet medforsterking av  fundamenta står midtspennet for tur. Betongen har gradvis deformert seg over tid, såkalla kryp, og spennet har sige om lag 70 centimeter.

På nyåret skal det monteres åtte spennkablar for å løfte og forsterke spennet. Samtidig skal brua få ny fuge, kantbjelkar og rekkverk.