Vegfornyingsprogrammet skal redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.
Tingh/Erik Birkeland
Samferdselsutvalet skal 10. september behandle forslaget til vegfornyingsprogrammet «På god veg». Målet er å betre trafikksikkerheit, framkome og verdibevaring gjennom samla oppgradering av prioriterte område på fylkesvegnettet. Fylkestinget gjer endeleg vedtak.
Langsiktig program
Fylkeskommunedirektøren foreslår å etablere «På god veg» som eit langsiktig og skalerbart program for å redusere vedlikehaldsetterslepet. Programmet skal samle fleire tiltak i same område, mellom anna asfalt, rekkverk, veglys, drenering, vegmerking og andre naudsynte utbetringar.
For å gjennomføre satsinga trengst ei vesentleg auke i dei statlege rammeoverføringane til fylkesvegane. I innspelet til Nasjonal transportplan 2025-2036 melde fylkeskommunen behov for ei årleg styrking av tilskotsordninga til opprusting og fornying av fylkesvegnettet på 5 milliardar kroner nasjonalt. Finansiering og oppstart av «På god veg» må avklarast i komande økonomiplanar.
21 geografiske område
Programmet omfattar no 21 geografiske område frå Smøla i nord til Vanylven i sør. Områda skal prioriterast etter vegtilstand, trafikksikkerheit og betydning for framkome for næringsliv og beredskap.
Det blir lagt opp til rullerande gjennomføring med planlegging, prosjektering og bygging i fleire område samtidig. Målet er å få størst mogleg nytte av investeringane og sikre jamn framdrift i arbeidet med å fornye fylkesvegane.
Foreslår Aure og Ørsta først
For å få programmet raskt i gang foreslår fylkeskommunedirektøren Aure og Ørsta som dei første fornyingsområda. Begge har strekningar med stort vedlikehaldsetterslep og tiltak som kan gjennomførast raskt gjennom eksisterande kontraktar.
Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i Møre og Romsdal vart i 2023 berekna til 16,8 mrd. kroner.
Saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet torsdag 10. september