I lag med kommunane har fylkeskommunen jobba systematisk med sentrumutvikling dei siste åra, som her på Vestnes. No kjem fagmiljø frå både departement, direktorat og Riksantikvaren på studietur til fylket.
Erik Birkeland
Frå 27. til 28. august drar eit følge på 29 personar i Forum for stedsutvkling på synfaring rundt omkring i fylket for å sjå større og mindre prosjekt som fylkeskommunane har bidratt til å realisere i kommunane.
I følget er det fagfolk frå departement, direktorat, DOGA, Riksantikvaren, Distriktssenteret og Statens vegvesen.
Det er lagt inn besøk i Ørsta, Sykkylven, Valldal, Åndalsnes og Molde, som alle er med i fylkeskommunen sitt program for tettstadutvikling:
- Ørsta: besøke Ørstahallen med aktivitetspark, Tussaparken og Svendsenhagen og andre prosjekt som har fått støtte.
- Sykkylven: det nye biblioteket, utstyrssentral og frivilligsentral i sentrum; med Skaparlinken cowork. Også aktuell med eit større mobiliseringsprosjekt for sentrum, og godt samarbeid med Sykkylven næringsutvikling, Omstilling Sykkylven og lokale næringsaktørar.
- Valldal: Syltetorget og trebrygga, samarbeid med lokale krefter og spleis
- Åndalsnes sentrum: de lange linjer i sentrumsutviklinga på Åndalsnes; rådhusplassen , leikeplass, sjøfront, Tindesenteret og Romsdalsgondolen, og ein splitter ny fargepalett.
- Molde: Sjøfronten, fargepaletten, satsingane Smart Molde og arkitekturstrategi.
Det var Kommunal- og distriktsdepartementet som tok initiativet til studieturen.
-Både vi og kommunane er glad for interessa departementet viser for jobben vi har gjort. Det viser at vi er på rett veg og kan vise til at langsiktig arbeid og samarbeid gir resultat, seier Ingvild Gjerdset, i by- og tettstadutviklingsprogrammet i fylkeskommunen.
• Design og arkitektur Norge (DOGA) ved Hilde Bøkestad og Siri Holmboe Høibo
• Distriktssenteret ved Mona Handeland og Hildegunn Nordtug
• Helsedirektoratet ved Heidi Fadum
• Klima- og miljødepartementet ved Ingvild Tjønneland
• Kommunal- og distriktsdepartementet ved Kristin Omholt-Jensen, Ida Stenbråten Harildstad og Ronny Kristiansen
• Riksantikvaren ved Anette Morvik Robberstad
• Statens vegvesen ved Sunniva Schjetne og Alf Sunde Støle