Illustrasjonsfoto.
Tingh / Møre og Romsdal fylkeskommone
Det er noko av innhaldet i Kvalitetsmeldinga for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune 2024, som no er lagt fram for politisk behandling. Kvalitetsmeldinga er ein tilstandsrapport på kvaliteten til den vidaregåande opplæringa i fylket.
I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at skoleåret 2023-2024 vart eit år der elevane endeleg hadde ein tilnærma normal skolekvardag, men at det likevel er grunn til å tru at nokre av utslaga i kvalitetsmeldinga kan bli sett i samanheng med pandemien. «I denne post-pandemiperioden blir det svært viktig med gode tiltak som kan vege opp for dei litt bekymringsfulle trendane i elevgruppa vår», skriv fylkeskommunedirektøren innleiingsvis.
Her er nokon av områda i kvalitetsmeldinga som beskriv kvaliteten:
- Fråvær: Fråværet til elevane har auka markant etter pandemien. Auka var størst i fjor, men også i år er det ei auke. Sjølv om Møre og Romsdal er blant fylka med lågast elevfråvær, så er auka i fråværet alvorleg. Det er spesiell grunn til bekymring at fråværstala no er høgare enn dei var før pandemien.
- Sluttårsakar: Talet på elevar som sluttar i løpet av skoleåret er stabilt, men det er ei endring i sluttårsaker som heng saman med det økte fråværet. Den hyppigaste årsaka til at elevane sluttar er stort fråvær.
- Karakterar: Både karaktergrunnlaget elevane har frå grunnskolen og karaktersnittet til elevane i vidaregåande opplæring har gått litt ned etter ein topp under pandemi-skoleåra, men held seg stabilt på eit høgare nivå enn før pandemien.
- Læringsmiljøet: Er framleis godt med høg trivsel, fagleg utfordring og god støtte frå lærarane.
- Mobbing: Dei aller fleste av elevane trivst, men dessverre opplever fleire å bli mobba. Utviklinga er den same på landsbasis. Målet er at alle elevar skal oppleve å vere inkluderte. Ingen skal oppleve å bli mobba.
- Lærlingane: Også lærlingane i fylket trivst i stor grad og er motiverte til å lære. Heile 87 prosent av lærlingane vil anbefale bedrifta si til andre som skal begynne i lære. Det er få som opplever uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen, og Møre og Romsdal har lågast andel lærlingar som opplever mobbing.
- Gjennomføring: Fleire gjennomfører vidaregåande opplæring, den positive utviklinga held fram og tala for gjennomføring over fem/seks år er igjen rekordhøge. Møre og Romsdal er blant fylka som kan vise til dei beste resultata, både totalt sett og innan dei ulike studieretningane.
- Overgang frå vg2 yrkesfag: Andelen som tar påbygging til generell studiekompetanse etter vg2 i yrkesfaga aukar, og dette er inga ønska utvikling. Framover må det bli arbeidd for at fleire som vel yrkesfag går ut i lære, fordi behovet for fleire fagarbeidarar i næringslivet er stort. Men arbeidslivet har også stort behov for arbeidstakarar med høgare utdanning. Fylkeskommunen arbeider for meir praktisk retta og relevant opplæring innan studieførebuande utdanningsprogram og tettare samarbeid med arbeidslivet også på dei studieførebuande utdanningsprogramma.
- Kompetansebehov: Fylkeskommunen arbeider heilskapleg for å sikre regionen kompetansen det er behov for i framtida. Her har dei vidaregåande skolane ei nøkkelrolle.
- Trusselen: Den største trusselen fylkeskommunen står overfor i kvalitetsarbeidet framover, er den økonomiske situasjonen. Skolane har dette skoleåret gjort store innsparingstiltak som kan få konsekvensar nettopp for oppfølginga av elevane og moglegheita til å sette inn tiltak ein veit gir resultat.
Saka skal opp til behandling i kompetanse- og næringsutvalet måndag 11. november, i fylkesutvalet 25. november og til endeleg avgjerd i fylkestinget 9. og 10. desember.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for kompetanse- og næringsutvalet måndag 11. november.