Spørsmåla er like på tvers av fylkeskommunane. Resultata skal nyttast i vidare kvalitetsarbeid og til forsking, både lokalt og nasjonalt.
– Alle pasientar som har time ved dei offentlege tannklinikkane i februar, vil etter tannlegetimen motta ein SMS med lenke til undersøkinga, seier fylkestannlege Tone Nord.
Undersøkinga er anonym, tar om lag tre minutt å svare på og kan berre gjennomførast via smarttelefon.
Det er mogleg å svare på norsk, engelsk, arabisk, russisk og ukrainsk. Språk blir valt av pasienten i nedtrekksmenyen øvst i skjemaet.
– Eg håpar alle tar seg tid til å svare på spørsmåla, seier fylkestannlegen.