Påsketrafikken: - Planlegg påskeutfarten godt

I løpet av påska skal mange ut på vegane våre. Dette er ei tid der det ofte skjer ulykker i trafikken, men med litt førebuing kan trafikantane redusere risikoen for uønskte hendingar. 

- Legg litt tid i å planlegge reisa di. Det vil gjere turen både hyggelegare og tryggare. 

Bilete av tilsett i fylkeskommunen, med gul jakke. - Klikk for stort bileteSeksjonsleiar i plan og trafikk i Møre og Romsdal fylkeskommune, John Hauger. Arnt Olav Herjehagen/Møre og Romsdal fylkeskommune

Det seier seksjonsleiar for plan og trafikk, i fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, John Hauger.

-Gjer bilturen til ein del av ferien

Mange skal av gårde til same tid, og da er det jo en moglegheit for at det kan oppstå noko kø og frustrasjon, sjølv på våre kantar av landet. 

- Mitt beste tips er å ta det med ro og puste med magen. Gjer bilturen til ein del av ferien, og sørg for å legge til rette for at dette blir ei hyggeleg oppleving for alle. Hold køa og avstand til bilen før deg. Det å drive med forbikøyringar i lange køar er heilt meiningslaust, seier Hauger.

- I tillegg er det eit veldig enkelt risikoreduserande tiltak å unngå dei travlaste utfartsperiodane, legg han til.

Mange skal til fjells, og da er det smart å følgje ekstra godt med på vêr- og føremeldingar. Skal ein langt av gårde er det alltid greitt å førebu seg på at det kan oppstå forseinkingar og vegstengingar. Da er det smart å ha utstyrt seg med tanke på dette, med varme klede, pledd, mat og liknande. 

Ber motorsyklistar vere obs på grus

Våren er òg ei tid der motorsyklane kjem ut av garasjane. Mange nyttar påska til å opne motorsykkelsesongen. 

Så tidleg i sesongen kan det framleis vere strekningar der det ligg att grus i vegbana etter strøinga av vintervegane.

- Dei aller fleste motorsyklistar er bevisste på dette og er forsiktige. Men likevel ser vi at det skjer ulykker innimellom. Vi må berre oppfordre til å vere spesielt oppmerksam på dette tidleg på våren, rådar Hauger.