Nyleg hadde kulur- og folkehelseutvalet besøk av Hildegunn Brattvåg, nestleiar i Sunne kommuner. Folkehelse stod på timeplanen.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Sunne kommuner er eit nettverk for og av kommunar og fylkeskommunar som set folkehelse og sosial berekraft høgt i samfunnsplanlegginga si. Organisasjonen er ein del av WHOs Healthy Cities-nettverk, og driv mellom anna med politikaropplæring. I sist veke stod folkehelsearbeid på timeplanen i kultur-og folkehelseutvalet.
Hildegunn Brattvåg, som er nestleiar i Sunne kommuner, snakka om folkehelse i lovverk, kven som har ansvar for folkehelse i alle sektorar og kor det viktig det er med kunnskapsbasert og berekraftig samfunnsutvikling.
- Det vi oftast fokuserer på er levevaner for å få ei betre helse i befolkninga. Men det er viktig å sette fokus på leve- og arbeidsvilkår, økonomi, bustadforhold, utdanning, psykisk helse og sosiale relasjonar forklarte Brattvåg.
Ho sette pris på å få snakke med både engasjerte fylkespolitikarar og tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune.
-Sunne kommuner ønsker å vere tett på medlemmane for å kunne bidra til folkehelsearbeidet, og då er møte som dette av stor verdi. Eg opplevde politikarar som verkeleg ønsker å løfte folkehelsearbeidet inn i alle delar av fylkeskommunen. Saman med administrasjonen vil dei arbeide for at innbyggarane skal kunne delta, oppleve meistring, tryggheit og høyre til.
Leiar i Kultur- og folkehelseutvalet Jessica Gärtner var veldig fornøgd med å ha Sunne kommuner på besøk i utvalet, og meiner at alle politikarar, uansett fagfelt, må tenke på folkehelsa.
- Det er viktig å jobbe saman for å fremme god helse, det gir god livskvalitet for innbyggarane våre. Dette er noko eg vil løfte for alle politikarar i fylkeskommunen. Vi er folkehelsepolitikarar om vi er i det eine eller andre politiske organet. Vi må skape den raude tråden gjennom all politikk for at alle skal få eit godt liv, seier Gärtner.