Politikartoppar samlast til strategisk tenkeøkt

Dei fremste politikarane frå Møre og Romsdal kjem torsdag til Molde når fylkesordførar Anders Riise inviterer til ei strategisk tenkeøkt.

Bilete av Anders Riise med fylkesordførarkjede - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise. Magnar Fjørtoft

Heile Mørebenken deltar, alle ordførarar i fylket har varsla at dei kjem, fylkesutvalet er på plass og både dei politiske og administrative leiarane av dei interkommunale råda i fylket er med.

På agendaen har fylkesordføraren to punkt til diskusjon: Kraftutfordringane i Møre og Romsdal. Og dei skjerpa krava til nullutslepp for ferje, og finansieringsløysinga.

– Dette er blant dei største utfordringane vi opplever, og dei vil ha innverknad på oss alle i Møre og Romsdal i åra framover, seier fylkesordførar Anders Riise.

Møtet blir halde torsdag formiddag, i forkant av Nyttårskonferansen.

– Det er utruleg bra at vi har klart å samle alle toppane i politikken i Møre og Romsdal til eit møte som dette. Vi er inne i ei krevjande tid, og då er samarbeid heilt avgjerande for å løyse dei utfordringane som både kommunane og fylket står midt oppi. Og nettopp samarbeid står i sentrum for Nyttårskonferansen, og har gjort det sidan starten i 2019, seier fylkesordføraren.