Politisk dialogmøte om bygdevekstavtalane

Møre og Romsdal fylkeskommune deltok 18.-19. september på politisk dialogmøte i Oslo saman med Aure og Smøla, som er pilot for bygdevekstavtale med staten.

Gruppe deltakarar - Klikk for stort bileteDelegasjonen frå Møre og Romsdal: Prosjektleiar Gunnlaug Kristiansen (Smøla kommune), rådgivar Ingvild Gjerdset (Møre og Romsdal fylkeskommune), Anne Marie Fiksdal (fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal), varaordførar Henning Torset (Aure), varaordførar Sigmund Roksvåg (Smøla), prosjektleiar Ivar Torset (Aure).

Hensikta med møtet var at kommunane, saman med fylkeskommunane og statsforvaltarane, skulle legge fram problemstillingane dei vil løfte gjennom bygdevekst. I møtet deltok statssekretærar frå fleire departement.

Målet med pilot for bygdevekst er formulert slik: «Det overordna målet for bygdevekstavtalene er å bidra til bosetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og fremtidsrettet næringsutvikling i de minst sentrale deler av Distrikts-Norge.»

Vart med i pulje 2

Aure og Smøla søkte på pulje 2 (pulje 1 som vart med i 2023 var to pilotar i Trøndelag og tre i Finnmark.) og vart med frå 2024. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som koordinerer og leier arbeidet

Møre og Romsdal fylkeskommune har til no gjort eit intensjonsvedtak om å bli avtalepart. Om fylkeskommunen blir hovudpart eller samarbeidspart, vil det vidare arbeidet med utkast til avtale gi svar på.

Det er ikkje forventa eller lagt opp til at fylkeskommunen skal bidra med friske midlar inn i arbeidet, men heller eventuelt bidra med kompetanse og vurdere om eksisterande verkemiddel kan nyttast inn i ein avtale.