Presenterte Møre og Romsdal for Nordsjøkommisjonen

Korleis skal Møre og Romsdal påverke EU? Eit av dei beste svara – ja, kanskje det beste – er Nordsjøkommisjonen.

Gruppe mennesker. - Klikk for stort bileteHer er arbeidsgruppa for smarte regionar i Nordsjøkommisjonen., samla i Kortrijk, Belgia. Diederik Declercq / Møre og Romsdal fylkeskommune

I førre veke var fylkesvaraordførar Anne Marie Fiksdal og prosjektleiar Solveig Stornes frå seksjon for berekraftig samfunnsutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune på møte i Kortrijk, Belgia i den tematiske arbeidsgruppa for smarte regionar i Nordsjøkommisjonen. Der presenterte dei Møre og Romsdal og arbeidet ein gjer på sirkulærøkonomi og samarbeidet med OECD.

Nordsjøkommisjonen er ein politisk interesseorganisasjon for regionar rundt Nordsjøen, og er ein av fleire geografisk avgrensa kommisjonar under hovudorganisasjonen Konferansen for perifere og maritime regionar (CPMR). Gjennom kommisjonen kan medlemmane gi innspel til EU-kommisjonen, noko som er avgjerande for at Møre og Romsdal sine interesser blir høyrde i Brussel.

Attraktiv og framtidsretta

Samla sett arbeider gruppa for å utvikle ein Nordsjø-region som er attraktiv og framtidsretta, og som legg til rette for berekraftig verdiskaping og samfunnsutvikling. Måla til arbeidsgruppa svarar i stor grad på Møre og Romsdals behov for å omstille seg i møte med ei framtid der økonomisk vekst må ha grunnlag i sirkulære kretsløp. 

Under møtet i Belgia var det og lagt inn eit besøk på ein ombrukssentral for material som plast og tekstil, noko som er svært relevant for Møre og Romsdal. Regionen har nyleg fått eit Horisont Europa-prosjekt som handlar om innsamling og gjenbruk av plast frå den maritime næringa i dei tre største byane. Frå neste år vil også kommunane i Noreg bli pålagde å sortere øydelagde tekstilar, og frå 1. januar 2025 kjem det nye krav til separat innsamling og materialgjenvinning av tekstilavfall. Eit regionalt forum for ombrukssentralar er allereie etablert, med deltakarar frå Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda, saman med deira renovasjonsselskap. Forumet ser også på korleis vi kan handtere tekstilar lokalt i tillegg til korleis få til meir gjenbruk. Difor var dette besøket særleg relevant for fylkeskommunen.

Det er fylkestinget som har vedtatt at Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere med i Nordsjøkommisjonen.

Gruppe menneske inne i ein hall. - Klikk for stort bileteFylkesvaraordførar Anne Marie Fiksdal (nummer fem frå venstre) under eit besøk ved ein ombrukssentral i Belgia. Solveig Stornes, Møre og Romsdal fylkeskommune