Prioriterer fagskolar med regional forankring og arbeidslivsbehov

Arbeidslivet sitt behov skal styre utdanningstilbodet. Fagskolar med sterk regional forankring og tett samarbeid med arbeidslivet blir særleg vektlagde. Fylkeskommunen får eit større ansvar for prioritering og dimensjonering av tilbodet.

Dette vedtok kompetanse- og næringsutvalet i møtet 11. juni, då dei behandla saka om driftstilskot til høgare yrkesfagleg utdanning frå 2027.

Vedtaket inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune skal ta ei tydelegare rolle i å styre utviklinga av fagskoletilbodet i fylket. Ordninga blir lagt om til rammetildeling, som gir meir lokalt handlingsrom, men også eit større ansvar for å gjere prioriteringar.

– Møre og Romsdal fylkeskommune skal tildele statlege driftstilskot til høgare yrkesfagleg utdanning ut frå kompetansebehova i arbeidslivet, heiter det i vedtaket.

Fire prioriterte fagområde

Utvalet peikar ut fire fagområde som særleg viktige framover:

  • helse- og velferdsfag
  • tekniske fag
  • maritime fag
  • tryggleik og beredskap

 Desse fagområda er valde fordi analysar viser eit stort behov for kompetanse, både regionalt og nasjonalt. Dei er òg sentrale for vidare utvikling av næringsliv, offentlege tenester og samfunnsberedskap i fylket.

Prioriterer fagskolar med regional forankring

Eit viktig grep i vedtaket er at fagskolar som har regional forankring i Møre og Romsdal blir prioriterte.

Målet er enda tettare dialog med arbeidslivet og utdanningstilbod som er betre tilpassa behova i regionen.

Samtidig skal fylkeskommunen legge vekt på fleksible og desentraliserte tilbod. Dette skal gjere det enklare å kombinere utdanning med arbeid, og bidra til kompetanseheving i heile fylket.

Ny modell frå 2027

Frå 2027 går finansieringa av fagskolar over til ei rammetildeling i følge nye nasjonale føringar. Det betyr at midlane ikkje lenger blir fordelte per studieplass, men som ei samla ramme til kvar fagskole.

 Endringa gir større fleksibilitet lokalt. Samstundes får fylkeskommunen eit større ansvar for å sikre at utdanningstilboda blir utvikla i tråd med kompetansebehova i arbeidslivet i dialog med fagskolesektoren.

Saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet sitt møte 11. juni.