Slik ser det nye måleutstyret ut
Cautus Geo
Det er skredpunkta Kjelstadlinja og Grustaksvingen som skal overvakast. Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt Cautus Geo AS kontrakten for arbeidet.
La måleutstyret stå i fred
Det blir plassert ut avansert måleutstyr i terrenget. For å sikre presise og samanhengande målingar må utstyret stå urørt gjennom heile perioden.
— Vi ber alle som ferdast i området, om å halde avstand og ikkje røre eller flytte på måleutstyret. Sjølv små endringar kan påverke målingane, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristian Bjørdal.
Her frå arbeidet med å sette opp radaranlegget
Kristian Bjordal
Målingar i påvente av permanent skredsikring
Trollstigen er ein av dei mest besøkte turistvegane i landet, med om lag ein million besøkande kvar sesong. Det spektakulære, men bratte landskapet gjer området utsett for skred. I 2024 og 2025 gjennomførte fylkeskommunen strakstiltak på nokre punkt, men det er framleis skredfare. Dei nye målingane blir sette i gang i påvente av eit meir omfattande prosjekt for permanent skredsikring av Trollstigen.
— Dei nye målingane gir oss viktig kunnskap om korleis fjellsidene oppfører seg over tid. Det er avgjerande for å kunne planlegge framtidige sikringstiltak, fortel Bjørdal.
Prosjektet "Fv. 63 Trollstigen – deformasjons- og rørslemålingar og steinsprangdeteksjon" skal gå føre seg i september 2026 og i perioden 1. juni–1. oktober 2027. Det er opsjon for forlenging av målingane ut 2029.