Rådet for personar med nedsett funksjonsevne på synfaring

Sist veke var representantar frå rådet for personar med nedsett funksjonsevne og representantar frå Spjelkavik vidaregåande på synfaring saman med prosjektleiarane i fylkeskommunen i nye Spjelkavik Arena.

- Å ha god universell utforming er sjølvsagt svært viktig. Likevel viser det seg at det ofte er ting ein ikkje har tenkt på, eller ting ein kan forbetre for at offentlege bygg vert betre tilgjengeleg for dei med ulike funksjonsnedsettingar. Å ha gjennomtenkte løysingar gjer at ein kan sikre seg at fleire får delta både som publikum, i arbeidssituasjonen og i aktiviteten i bygget, seier rådgjevar for rådet Anna Lianes.

Dette er Spjelkavik Arena

Spjelkavik Arena er ein ny idrettshall i tilknyting til Spjelkavik videregående skole. Hallen er på omtrent 6.600 kvadratmeter i bruttoareal og har 13 meter innvendig fri høgde. Hallen rommar lokale til kroppsøving og idrettsfag, samt lokale til kampsport, i tillegg til tilhøyrande vrimleareal, garderobar og lager. Det fylkeskommunale rådet for personar med nedsett funksjonsevne var med på å spele inn forbetringar til teikningane til hallen i 2022.

-  Å få besøk av representantar som kan gje oss råd og teste ut bygget i praksis har vore veldig lærerikt og viktig også for oss i prosjektleiinga, seier prosjektleiar i fylkeskommunen Therese Giskeødegård Osvik. Vi vil at bygget skal vere så optimalt som mogleg også for mennesker med ulike typar funksjonsutfordringar og vi har fått mykje ny og god kunnskap gjennom denne synfaringa. Dette vil vi også dele med totalentreprenør og deira rådgjevarar slik at dei også kan lære meir om korleis ein kan legge til rette best mogleg også ved andre prosjekt, seier Giskeødegård Osvik.

Rådet er fornøgd med resultatet 

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha eit råd for personar med nedsett funksjonsevne og eit eldreråd og eit medverknadsråd for ungdom. Råda skal ha saker som angår dei innom seg for uttale, på eit tidspunkt i sakshandsaminga som gjer at dei har moglegheit til å påverke resultatet.

- Vi rådsmedlemmane er fornøgde med resultatet av Spjelkavik Arena. Det er eindel ting som vi ser kan forbetrast, men vi opplever at dialogen med prosjektleiar under synfaringa idag har vore veldig konstruktiv. Forståinga for dei ulike endringstiltaka vi har påpeka, har vore god. Å legge til rette for at fleire barn og unge med funksjonsutfordringar kan delta i idrettsaktivitet utan at det vert barrierar, er med å skape eit samfunn kor alle kan delta, seier nestleiar i Rådet for personar med nedsett funksjonsevne, Åse Harstad.

- Til tidlegare ein kjem til råda med planar, til lettare kan ein fange opp om det er ting ein ønsker å få endra på, eller som kan gjere ting endå betre for grupper som oftare enn andre vert ramma av utanforskap. Det skal ofte ikkje store endringane til for å gjere ting betre og meir tilgjengeleg for fleire,  avsluttar rådgjevar Anna Lianes.