Råkavassdraget gjenopna for sjøaure etter 50 år

Etter meir enn 50 år med stengde gyte- og oppvekstområde er Råkavassdraget på Smøla no offisielt gjenopna for sjøaure. Dette vart høgtideleg markert med snorklipping av ordførar Svein Roksvåg 4. juli.

tre menn som står ute i vatn ved eit stort røyr - Klikk for stort bileteOrdførar Svein Roksvåg i Smøla kommune, opna stikkrenna i Råkavassdraget Håkon Slutaas

Vassdraget vart sperra av ei veifylling då riksvegen rundt Smøla vart bygd for over 50 år sidan, noko som førte til at sjøaurebestanden forsvann. No er det sett ned ei stikkrenne for å gjenopprette fisken sine moglegheiter for å vandre.

Lyspunkt i ei negativ utvikling

Prosjektet er resultat av eit breitt samarbeid mellom Smøla Jeger- og Fiskeforening, Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Miljødirektoratet har bidratt med økonomisk støtte. Som vassregionmynde koordinerer fylkeskommunen arbeidet med å oppfylle krava i vassforskrifta. Dette inneber mellom anna å utarbeide regionale vassforvaltningsplanar, følgje opp miljømål og leggje til rette for samarbeid mellom kommunar, statlege etatar og frivillige aktørar.

– Dette er eit lyspunkt i ei elles bekymringsfull utvikling for både laks og sjøaure i regionen, seier Askill Sandvik i Smøla jeger- og fiskeforening. – Vi ser at mange bestandar er i tilbakegang og det er mykje negativt fokus, men dette prosjektet viser at målretta innsats og engasjement frå fleire nyttar.

Kritisk tilstand for sjøaure mange stader

Sjøauren står overfor ei rekkje truslar både i ferskvatn og i sjøen som fysiske inngrep i vassdrag, vandringshinder, kanalisering, drenering, lakselus og forureining. Ifølgje Vitskapleg råd for lakseforvaltning er tilstanden for sjøaure i mange delar av landet kritisk, og i Møre og Romsdal er situasjonen særleg alvorleg. Derfor er tiltak som gjenopninga av Råkavassdraget viktig for å snu den negative utviklinga.
Her var det ein fylkesveg som hindra oppgangen av sjøaure, og då er det viktig for oss å gjere tiltak som sikrar at fisken kjem seg gjennom vegen, seier Tor Taraldsen, byggeleiar ved Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samarbeid gir resultat

Dette prosjektet viser korleis samarbeid på tvers av forvaltningsnivå og frivillige krefter kan gi konkrete resultat for naturen. Det er svært gledeleg å sjå at vassdraget no igjen er opna for sjøaure etter så lang tid, seier ein engasjert ordførar Svein Roksvåg i Smøla kommune, som også er ein ivrig flugefiskar. Gjenopninga av Råkavassdraget er eit resultat av ekte samarbeid og lokal innsatsvilje, seier han.

Gjenopninga av Råkavassdraget er i tråd med måla i vassforskrifta og regjeringa sine målsettingar for det internasjonale tiåret for restaurering av natur (2021–2030). Det blir no spennande å følgje med på korleis sjøauren reetablerer seg i vassdraget i åra som kjem.