ReBait UB frå Ålesund vgs med synleg bevis på at dei er den beste ungdomsbedrifta i fylket. Frå venstre: Anna-Linn Sandvik Rødseth, Hana Elbehiry Slinning, Natalie Sandvik, Johanne Eldøy, Sofie Ellingseter Bjørkevoll.
Anna Dynak
Totalt deltok 52 ungdomsbedrifter og om lag 300 elevar då Fylkesmeisterskapet vart arrangert onsdag.
Det er elevar i vidaregåande skole med registrert ungdomsbedrift som kan delta i konkurransen.
Elevane har gjennom skoleåret arbeidd med idéutvikling, marknadsarbeid, produktutforming og økonomi. Under meisterskapet presenterte dei prosjekta sine for publikum og ein jury med over 50 representantar frå arbeids- og næringsliv. Juryen trekker fram høgt fagleg nivå, profesjonelle presentasjonar og kreativ problemløysing.
ReBait UB imponerte med ein miljøvenleg fiskesluk laga av organiske materialar og går vidare til Noregsmeisterskapet i Lillestrøm i april. Følgande ungdomsbedrifter skal også representere fylket i NM:
- VASVA Automations UB, Molde vgs
- Nyt & Smak UB, Rauma vgs
- FLÅO UB, Molde vgs
– Eg er imponert over breidda i samfunnsproblem som ungdomsbedriftene tar tak i og finn knallgode løysningar på. Også spennande å sjå korleis fleire ungdomsbedrifter brukar teknologi og KI i forretningsideane sine. Ein svært engasjerende dag, oppsummerer Lars Øyvind Baltzersen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.
Det vart kåra vinnarar i 11 konkurransar gjennom dagen – på Ungt Entreprenørskap sine nettsider kan du sjå komplett oversikt.