Ved inngangen til 2026 var det 273 169 innbyggarar i fylket, ein vekst på 756 innbyggarar eller 0,3 prosent frå 2025. Folketalet i Møre og Romsdal vaks til samanlikning med 1 789 personar frå 2024 til 2025. Nasjonalt vaks folketalet med 33 060 personar, ein vekst på 0,6 prosent. 1. januar 2026 var det 5 627 400 innbyggarar i Noreg.
Dei siste 20 åra har folketalet i fylket stige frå 242 854 personar til 273 169 personar, ein auke på 30 315 personar.
Lågare innvandring og større flytteunderskot
Det er lågare innvandring og eit større innanlands flytteunderskotet som er hovudårsakene til nedgangen i folkeveksten i fylket. Nettoinnvandringa til fylket var i 2025 på 1 459 personar mot 2 005 personar i 2024. Det innanlandske flytteunderskotet var i 2025 på -875 personar. Det vil seie at det flytta 875 fleire ut av fylket enn det flytta til. I 2024 var det eit flytteunderskot på -332 personar.
Auke i talet på fødslar
Auken i talet på fødslar i 2024 held fram i 2025. Etter berre 2 336 og 2 343 fødslar i 2022 og 2023, auka talet på fødslar til 2 483 i 2024. I 2025 vart det fødd 2 519 barn i fylket, ein auke på 36 barn frå 2024. Med andre ord om lag 180 fleire fødslar enn i åra 2022 og 2023. I 2025 var det fødselsunderskot i 15 av kommunane i fylket. Det vil seie at det i 15 av kommunane i fylket døydde fleire personar enn det vart fødd. For fylket som heile var det i 2025 eit fødselsoverskot på 145 personar, dette er det høgste fødselsoverskotet sidan 2021.
Fødselstala i fylket er framleis låge, men peikar no i riktig retning. Nasjonalt vart det fødd 55 401 barn i 2025, ein auke på 1 388 barn frå 2024.
God vekst i folketalet i Ålesund
Folketalet i Ålesund vaks med 465 personar i 2025, ein vekst på 0,8 prosent. Ved årsskiftet var det 59 663 innbyggarar i Ålesund kommune. Størst prosentvis vekst i folketalet var det i Hareid, Fjord og Gjemnes med ein vekst på høvesvis 1,7 prosent, 1,6 prosent og 1,2 prosent. I 10 av kommunane i fylket sokk folketalet i løpet av 2025.