Den 10. november inviterer Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Møre og Romsdal fylkeskommune til regional integreringskonferanse i Molde. Målet er å samle aktørar frå offentleg sektor og frivilligheita for å dele erfaringar, byggje nettverk og styrke samarbeidet om integrering.
– Møre og Romsdal fylkeskommune og IMDi ønsker at fleire skal få ta del i fritidsaktivitetar og fellesskap. Gjennom både forsking og lokale eksempel vil vi å vise kva moglegheiter som finst, men også kva utfordringar vi må løyse. Eit godt samarbeid mellom frivilligheita og det offentlege er avgjerande for å lykkast, seier Sissel Kolstad Tegelrud, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Programmet løftar fram både forskingsbasert kunnskap og erfaringar frå praksis. Deltakarane får mellom anna presentert innlegg om kvardagsliv og integrering, ungdom sine erfaringar med rasisme, biblioteka si rolle som møteplass og korleis minoritetsstress kan påverke deltaking og tilhøyrsle.
Prosjekt frå Aspøy i Ålesund, speidararbeidet i Isfjorden og Åndalsnes og Molde Basketklubb er blant aktørane som blir trekt fram. Dei deler erfaringar frå inkluderingsarbeid som har skapt gode resultat.
Konferansen skal bidra til meir kunnskapsdeling og inspirere til vidare samarbeid om integrering og mangfald i regionen.
Du kan lese meir om konferansen her.
Konferansen er fullteikna med 180 påmeldte, men det er mogeleg å sette seg på venteliste.