Regulering av ny fylkesveg 60 mellom Tomasgard og Røyrhus

Det var godt oppmøte og stort engasjement då Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte til informasjonsmøte om reguleringsplanen for ny fv. 60 mellom Tomasgard og Røyrhus. Møtet fann stad i Honndalshallen på Grodås tysdag 20. mai.

Rom med publikum - Klikk for stort bileteInnbyggarane var positive til planane om ny veg. Stig Vindenes

Innbyggjarane som møtte opp, var gjennomgåande positive til planane for ny veg, og gav gode tilbakemeldingar på møtet. Mange hadde spørsmål, og fleire uttrykte at dei var fornøgde med at fylkeskommunen stilte opp. Dette bidrog til å oppklare fleire forhold og redusere usikkerheit rundt vidare arbeid. Det er likevel framleis ein del ting det må sjåast nærmare på.  

Prosjektleiar Stig Vindenes og planleggingsleiar Per Gunnar Løset frå Møre og Romsdal fylkeskommune presenterte status i arbeidet. Saman med oppdragsleiar i Sweco, Audun Brekke Fjeldheim, viste dei den førebelse veglinja. Denne er basert på vedteken kommunedelplan. Ifølge Vindenes er det viktig at grunneigarar og andre får komme med sine innspel no

- Arbeidet er inne i ein viktig fase der endeleg plassering av veglinja skal fastsettast, sa han under møtet.  

Mange av dei frammøtte melde seg òg på til eit direkte møte med fylkeskommunen på Smia dagen etter. 

- Det er mange omsyn å ta og detaljar som skal på plass, men vi er godt i gang, sa Vindenes.

Etter at reguleringsplanforslaget er ferdig frå fylkeskommunen si side, skal det sendast ut på høyring før Volda og Stranda kommunar fattar endelege vedtak. Dersom tidsplanen held, kan planane bli vedtekne i 2026, med mogleg byggestart frå 2027. Den nye vegen skal ha ei fartsgrense på 80 km/t og inkluderer fem planlagde bruer. Heile vegkroppen må byggast på nytt, då den eksisterande vegen delvis er anlagt over myr. Det krev utskifting av massar ned til fast grunn.

Prosjektoversikt

Strekning: Tomasgard – Røyrhus i Volda og Stranda kommunar (ca. 13 km) 
Fartsgrense: 80 km/t 
Bruer: 5 planlagde bruer 
Planstatus: Reguleringsplanlegging pågår, med planlagt vedtak i 2026 og mogleg byggestart i 2027.

Bilder frå møtet:

person ved skjerm - Klikk for stort bileteStig Vindenes presenterer planen. Per Gunnar Løset


 

personer ved bord - Klikk for stort bileteMange møtte opp på open kontordag. Stig Vindenes eldre avisutklipp - Klikk for stort bileteHonndalen i media i 1970Honndalen i media i 2025, endeleg skjer det noko.