Dette er 36 millionar kroner meir enn i fjor, og er det høgaste beløpet som er fordelt nokon gang her i fylket.
Blant dei som får midlar i år finn vi ny turnhall og idrettshall i Osane i Ålesund, Malmedalen rallycrossbane i Hustadvika, skiheis i barneområdet i Hornindal skisenter, og Litldalen aktivitetspark på Averøya. Det er elles løyva midlar til ei lang rekke nærmiljøanlegg.
Norsk Tipping hadde rekordhøgt overskot på over 8 milliardar kroner i fjor, og staten sette av vel 2,1 milliardar av overskotet til idrettsanlegg i kommunane rundt om i landet i år. Det vart søkt om mindre midlar samla i heile landet, men Møre og Romsdal var eit av to fylke som hadde høgare søknadsbeløp enn i fjor. Dette bidrog til at tildelinga her vart såpass mykje høgare enn i fjor.
Det blir gitt tilskot til 115 av til saman 194 godkjente søknader. Det betyr at det framleis er ein del som ikkje får tilskot, men etterslepet og ventetida går ned.
- Vi har aldri hatt så låg ventetid på å få spelemidlar som i år. Gjennomsnittleg ventetid frå ein søker om spelemidlar til ein får midlar er no på om lag 1 år i Møre og Romsdal. Dette varierer rett nok mellom kommunane, men det er uansett ei gledeleg utvikling, seier Roger Bach, nestleiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Og årets tildeling er ikkje heilt ferdig for i år:
- Vi har over 9 millionar kroner frå mellom anna opparbeidde renter i ordninga, og dei vil bli fordelt i løpet av hausten. Desse midlane blir heldt tilbake til ei eventuell klagebehandling er ferdig og vil kome fleire anlegg til gode. Det vil dermed blir fordelt over 140 millionar kroner til saman i 2025, seier Bach.
Dei som ikkje får midlar i år kan fornye søknaden sin i komande søknadsrunde. Den opnar allereie 15. juni.
Det var kultur- og folkehelseutvalet som vedtok fordelinga av midlane i dag.
Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll kultur- og folkehelseutvalet tysdag 3. juni