Rekordmange fullfører vidaregåande opplæring

Aldri har så mange fullført vidaregåande opplæring. Tala for Møre og Romsdal viser at 83,4 prosent av dei som starta på vidaregåande i 2017 gjennomførte med studie- eller yrkeskompetanse innan fem/seks år. 

To elevar som jobbar saman. - Klikk for stort bileteRekordhøg fullføring i vidaregåande opplæring. Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er ein auke på 0,4 prosentpoeng frå kullet før. Tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB), tilbake til 2006-kullet, viser at fullføringa har auka år for år. Auken for Møre og Romsdal har vore på vel ti prosentpoeng i perioden.

– Den gledelege utviklinga har både elevane, lærlingane og alle dei som jobbar med vidaregåande opplæring all grunn til å vere stolte av, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken. Han konstaterer at gjennomføringa i Møre og Romsdal for 2017-kullet også er betre enn gjennomsnittet for heile landet, som ligg på 82,2 prosent.

Fullføring Møre og Romsdal

Fullføring av vidaregåande opplæring etter fem/seks år (andel elevar, prosent):

KullYrkesfaglege utdanningsprogramStudieførebuande utdanningsprogramAlle utdanningsprogram
2017-kullet73,792,083,4
2016-kullet74,191,283,0
2015-kullet74,592,482,8
2014-kullet70,091,980,5
2013-kullet69,190,679,1
2012-kullet70,189,379,0
2011-kullet70,488,578,5
2010-kullet71,787,379,2
2009-kullet69,483,875,7
2008-kullet67,586,276,1
2007-kullet65,185,074,3
2006-kullet63,584,673,2

Kjelde: SSB

Fullføring alle fylka

Fullføring av vidaregåande opplæring etter fem/seks år, etter elevane sitt skolefylke ved oppstart (andel elevar, prosent):

Fylke2016-kullet2017-kulletEndring i prosentpoeng
Heile landet81,082,21,2
Oslo82,484,92,5
Rogaland83,684,81,2
Akershus83,784,40,7
Møre og Romsdal83,083,40,4
Buskerud81,383,01,7
Sogn og Fjordane84,582,7-1,8
Hordaland80,882,61,8
Vest-Agder80,882,41,6
Aust-Agder79,181,12,0
Oppland80,481,00,6
Sør-Trøndelag79,781,01,3
Østfold79,980,91,0
Nord-Trøndelag79,580,91,4
Telemark80,480,80,4
Hedmark81,880,7-1,1
Vestfold80,779,7-1,0
Troms78,179,31,2
Nordland73,677,94,3
Finnmark71,273,11,9

Kjelde: SSB

 

I 2017-kullet i Møre og Romsdal hadde kvinnene ei fullføring på 86,0 prosent mens talet for mennene var 80,9 prosent. På studieførebuande var fullføringa 93,4 prosent blant kvinnene og 90,1 prosent blant mennene, mens det for yrkesfag var 73,1 prosent av kvinnene og 74,1 prosent av mennene som gjennomførte.

Ny opplæringslov

Frå 1. august 2024 får vi ein ny opplæringslov. Med den nye lova får du rett til opplæring til du faktisk har fullført skolen:

  • Rett til å ta vidaregåande opplæring til du fullfører. Dersom du stryk i eitt eller fleire fag på vidaregåande, eller avbryt undervegs, har du rett til opplæring heilt til du har fullført.
  • Rett til å velje vidaregåande opplæring på nytt så mange gongar du vil fram til søknadsfristen det året du fyller 19 år. I dag har du berre rett til eitt omval.
  • Rett til å ta eit nytt fagbrev, sjølv om du har eitt frå før, eller du har fullført med studiekompetanse. I dag har du berre rett til å ta eitt fagbrev, og du har ikkje rett til å begynne på yrkesfag dersom du har tatt studieførebuande.

– Vi håpar og trur at den nye opplæringslova skal bidra til at enda fleire fullfører vidaregåande opplæring, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.