VASVA Automations presenterte elevbedrifta. Dei fem som presenterte er Sebastian Ween-Foss, Heine Brakstad, Bjørn Olav Dalheim, Vetle Gagnat og Abdul Rahman Thayer Zaarour.
Per-Kristan Bratteng
Rektoren understreka at arbeidslivet er i kontinuerleg omstilling, og at skolen koplar fag til lokale verksemder slik at elevane får innsikt i både jobbmoglegheiter og utdanningsvegar i regionen. Berg brukte elevbedrifta som eit eksempel på at studiespesialiserande utdanningsprogram ved skolen blir meir praksisnært og yrkesretta.
Elevane i Vasva Automations fortalte politikarane korleis dei arbeider med automatiseringsløysingar retta mot næringslivet. Dei viste mellom anna eit konkret døme frå Glamox, der dei har utvikla ei løysing som reduserer ein repetitiv prosess, frå ein times arbeid til berre to minutt. Dette har potensial til å spare Glamox for store summar.
Ungdomsbedrifta kunne òg fortelje at interessa frå næringslivet er aukande. I tillegg til Glamox er dei i dialog med Axbit, Sparebank1 SMN og Protomore, og har også moglegheiter for samarbeid med ei verksemd i Oslo.
I fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter førre veke var Vasva Automations ei av fire ungdomsbedrifter frå fylket som kvalifiserte seg for NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i april. To av fire bedrifter som skal til NM kjem frå Molde vgs.