Riksantikvaren hyllar restaureringa: «Søblomsten» blir sjøsett 18. april

Riksantikvar Hanna Geiran var heilt tydeleg gripen etter synfaringa på galeasen «Søblomsten», som går gjennom ei omfattande gjenoppbygging.

Riksantikvaren og fylkeskommunen er ein av fleire som bidreg med midlar til det store restaureringsprosjektet. Og etter synfaringa la ho ikkje skjul på kor sterkt inntrykk det gjorde å sjå resultatet av det store arbeidet som nærmar seg slutten.

Til lukta av treolje og med lyden av hamring, saging og pussing, fekk ho høyre om «Søblomsten» som er bygd på Vestnes av Lars Hammeraas i 1864, om stiftinga som henta båten heim i 2020, om pågangsmot, enorm dugnadsinnsats, rause sponsorar og medhjelparar – offentlege og private. Synfaringa vart leia av Robert Vik i styret i Båtbyggarmuseet, styreleiar Stein Bergheim i Båtbyggarmuseet og Peter Brennvik, som leiar restaureringsarbeidet.

Bergheim og Vik takka for støtta frå både Riksantikvaren og fylkeskommunen, og det gode samarbeidet med fylkeskommunen og kulturavdelinga gjennom heile prosjektperioden:

– Det har vore heilt avgjerande for å få dette til. Det er vi veldig takksame for.

– Eg blir nesten mållaus

Då applausen for synfaringa hadde lagt seg, tok riksantikvar Hanna Geiran ordet:

– Det er sjeldan eg blir litt mållaus, men no tenderer eg nesten til å bli det. Det som dei har gjort viser ein enorm spirit, handlekraft og eigentleg ganske stor grad av dristigheit. Det å dra til Rørvik og kjøpe eit vrak for ei krone utan å vite korleis ein skulle gå vidare – og så klare å løfte prosjektet til dette nivået – det er imponerande, sa ho. Ho framheva også kor viktig det er at prosjektet har mobilisert både frivillige, sponsorar og unge, og at det har revitalisert kunnskap som var i ferd med å gå tapt.

Romsdalsmuseet overtar

Romsdalsmuseet står klare til å overta skuta, som blir sjøsett laurdag 18. april, og som får Vestnes som heimehamn. Museumsdirektør Hans Olav Solli skildrar overtakinga som ei av museet sine største og viktigaste tilvekstar.

– Vi har 48 båtar frå før, men berre små robåtar. Dette er noko heilt anna – eit flytande kulturminne i ein heilt ny dimensjon. Eit smykke for Romsdalsfjorden, seier han.

Treng 4 mill. i året til drift

For å kome i gang treng museet rundt 4 mill. kroner i friske midlar kvart år. Beløpet skal mellom anna dekke fast mannskap – skipper, styrmann og matros – samt fleire fagfolk med kombinasjon av maritime ferdigheiter og tradisjonshandverk. Vestnesmiljøet vil vere ein naturleg samarbeidsbase.

– Vi kan ikkje hente dette frå eksisterande budsjett. Skal dette lykkast, må stat, fylkeskommune og kommune bidra, seier Solli.

Skal formidle, engasjere og segle

Romsdalsmuseet ser «Søblomsten» som ei ny plattform for både formidling og inntektsmoglegheiter.

– Vi skal først og fremst bruke ho til kulturformidling. Men vi ser òg for oss at vi kan skape eigeninntekter etter kvart – gjennom til dømes sponsorseglingar, opplevingsturar og kanskje leirskuletilbod. Og ein båt som har segla til Barcelona med klippfisk før, skal kunne gjere det igjen, seier Solli.

Ambisjonane omfattar òg større kulturhendingar, inkludert tusenårsjubileet i 2030, der skuta etter planen skal delta i regattaen i Trondheimsfjorden.

Ei skute med tung historie

«Søblomsten» er ein kravellbygd fraktebåt frå 1864, bygd i Vestnes av Lars Hammeraas for langkystfart og handel med varer som klippfisk, tømmer og salt. Ho representerer ei type arbeids- og næringshistorie som var avgjerande for kystsamfunn i Romsdal og elles langs kysten. I restaureringa er det lagt vekt på å hente fram att handverk, løysingar og uttrykk som ligg tett på originalen – noko som gjer ho til eit av dei mest omfattande flytande kulturminna i regionen.