Nerlandsøybrua frå 1967 er i ferd med å bli plukka ned.
Thomas Sporsheim
Den nye Nerlandsøybrua opna for trafikk i 2025 og erstattar den tidlegare brua frå 1967. Rivinga av den gamle brua markerer dermed siste fase i eit av dei største samferdselsprosjekta på ytre Søre Sunnmøre.
Før rivinga kunne starte, har brua blitt førebudd gjennom ei rekke sikringstiltak. Brua er bardunert fleire stader, fuga i køyrebana er låst for å hindre rørsler, og vegskinna er fjerna for å redusere vindfang. Det er også sett opp kran for alle løfteoperasjonane.
- Vi er glade for at rivinga er i gang på ein trygg og forsvarleg måte, seier Ragnhild Holen Relling, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Heile bruprosjektet på Nerlandsøya går no mot ei avslutning, der innbyggarane allereie for eit år sidan fekk ein enklare kvardag med ny og moderne bru.
Brua som skal ned blir saga opp i fleire delar før bitane blir løfta vekk med kran. Armering og betong blir sorterte kvar for seg, der betongen blir gjenbrukt som fyllmassar.
Samtidig er arbeidet med omlegging av fylkesvegen på Kvalsund i gang. Vegen skal etter planen førast ned mot båthamna i tråd med gjeldande reguleringsplan.
Det er AF Decom som er entreprenør på prosjektet. Kontrakten er ein totalentreprise der entreprenøren også har ansvaret for prosjekteringa av rivearbeidet. Rådgivarselskapet Olav Olsen har stått for prosjekteringa.