Eit todagars ruinseminar om steinkyrkjene i Ulstein og Herøy har gitt ny kunnskap, men også vist kor mykje som framleis er uavklart om dei gamle kyrkjestadene på Søre Sunnmøre. Seminaret vart arrangert 2.–3. juni og samla fagfolk frå fleire fagområde.
Arkeolog Arve Eiken Nytun i Møre og Romsdal fylkeskommune, som sto i spissen for arrangementet, seier seminaret har bidrege til å plassere kyrkjestadene i Ulstein og Herøy tydelegare inn i ein større fagleg samanheng.
– Det viktigaste er at det no er sett eit nasjonalt fokus på desse lokalitetane, seier Nytun. Han peikar på at deltakarane er einige om å jobbe vidare med tematikken, mellom anna gjennom nye undersøkingar og prosjekt i samarbeid med ulike institusjonar, for å få meir kunnskap i åra som kjem.
Nye spor i bakken og i sjøen
Georadarundersøkingar har gitt indikasjonar på graver og eldre strukturar ved Ulstein gamle kyrkjestad, mellom anna spor etter ei tidlegare kyrkegardsmur. På Herøy peikar undersøkingar på eldre kulturlag og konturar av mogleg hageanlegg kring gardsbygningane, ikkje langt unna kyrkja. Samtidig har marinarkeologar gjort observasjonar på sjøbotnen utanfor Herøy, hovudsakleg frå 1600–1800-talet.
– Alt er meir innvikla enn vi trudde
Arkeolog og førsteamanuensis Øystein Ekroll, med lang erfaring frå Nidaros domkirke sitt restaureringsarbeid, seier slike grubleseminar er nødvendige for å kome vidare.
– Når vi samlar folk med ulik fagbakgrunn og kombinerer kunnskapen, ser vi at alt er mykje meir innvikla enn vi trudde, seier Ekroll.
Han peikar på kontrastane mellom Ulstein, med ein stor gard og mange gravminne, og Herøy, der ei stor steinkyrkje vart bygd på ein knaus utan jord. Kvifor desse stadene fekk så sentrale roller, og kva funksjonar dei hadde utover det kyrkjelege, er framleis ope.
Feltarbeid og faglege diskusjonar
Programmet starta med lunsj på Millenniumbygget i Hareid og ein introduksjon til seminardagane. Derifrå drog ein samla tropp ut for å sjå på ruinane. Programmet kombinerte synfaringar tysdag på Ulstein gamle kyrkjestad og Herøy gard med føredrag og felles diskusjonar onsdag på Runde Miljøsenter. Føredraga på Miljøsenteret var opne for publikum, og det vart fullt hus på Runde.
Tema spente frå georadar, marmorkyrkjer og geologi til makt, jordeigedom, stadnamn og det maritime landskapet rundt Herøy.
Neste steg er å samle kunnskapen i ein publikasjon og vurdere nye undersøkingar som kan gi svar på dei mange opne spørsmåla.
Sjå film frå ruinseminaret:
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.