Arrangør var Møre og Romsdal fylkeskommune, og møtet vart halde på Gjerdebua i Midsund. Ønsket frå fylkeskommunen og FRAM var å møte innbyggarane og næringsliv, informere, få innspel og svare på spørsmål etter at det har vore mykje kritikk av ferjetilbodet og -materiellet på sambandet. Møtet vart arrangert i samband med at fylkesvegavdelinga skulle informere om utbetring av ferjekaiane på Brattvåg–Dryna.
I første del av informasjonsmøtet orienterte samferdselsdirektør Jesper Wiig og avdelingssjef for FRAM, Stig Helle-Tautra om korleis fylkeskommunen og dei tilsette på FRAM jobbar med ferjedrifta. Etter orienteringa blei det opna for spørsmål frå innbyggarane.
I den siste delen av møtet handla det om utbygging av ferjekaiane på Dryna og i Brattvåg. Prosjektleiar Hans Rune Paulsen og overingeniør Eivind Alver orienterte, og også her stilte innbyggarane spørsmål.