Sa ja til å bygge fortau i Herøy

Fylkeskommunen og Herøy kommune spleiser på eit fortau gjennom Kleivasvingen ved Fosnavåg.

Det har fylkestinget einstemmig vedtatt.

Det manglar i dag tilrettelegging for mjuke trafikantar gjennom Kleivasvingen. Det er snakk om vel 260 meter utan fortau frå avslutninga av Nerlandsøybru-prosjektet til eksisterande fortau til Fosnavåg sentrum.

Politikarane i fylkestinget meiner det er fornuftig å legge betre til rette for mjuke trafikantar gjennom Kleivasvingen med å bygge ei fortausløysing. I saksframlegget frå fylkeskommunedirektøren står det at «Eit fortau vil betre både framkome og ikkje minst trafikktryggleiken for gåande og syklande frå Nerlandsøya og Igesund til og frå Fosnavåg sentrum.»

Kostnaden er estimert til om lag 8,4 mill. kroner ekskl. mva. Det er ikkje mottatt pristilbod frå entreprenør enno, så kostnadsestimatet er noko usikkert. 

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for fylkestinget 14.-15. oktober 2024