Samarbeid, spleis og dugnad for sentrumsutvikling

Gjennom spleis, dugnad og samarbeid mellom kommune, fylkeskommune og næringsliv, vart Valldal kvitt parkeringskaoset og fekk ny park, trebrygge og kaifront. 

Med enkle, men effektfulle verkemiddel har Valldal sentrum i Fjord kommune fått eit attraktivt torg ved fjorden. Det viktigaste grepet var å dele opp den opne flata og skilje parkering frå opphald for folk. 

Syltetorget vart transformert frå ei stor, einsarta parkeringsflate til eit grønt aktivitets- og opphaldsareal mot fjorden, med sitjeplassar og torgboder for sal av lokale produkt. Parkeringsområdet vart strukturert og merka opp på nytt. Dei gamle, gjengrodde rosebuskane vart fjerna, og den nye plassen er meir visuelt tilgjengeleg.

Fylkeskommunen har vore ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet. På nettsidene til Distriktssenteret kan du lese meir om kva grep Fjord kommune gjorde for å realisere Syltetorget. 

Med enkle, men effektfulle verkemiddel har Valldal sentrum fått eit attraktivt torg ved fjorden. Ingvild Gjerdset, Møre og Romsdal fylkeskommune