Samarbeider om betre sykkelferdigheiter

Gjennom prosjektet «Framtidas mobilitet» ønskjer Molde kommune å auke sykkelferdigheitene til skoleungar i kommunen, slik at dei er betre budd på å ferdast trygt i trafikken.

Før ferien fekk elevane rundt om på skolane i Molde sykkelopplæring for å auke ferdigheitene på to hjul. Møre og Romsdal fylkeskommune bidreg som samarbeidspartnar i prosjektet.

Samarbeid for tryggare ferdsel i trafikken

Prosjektet har fått støtte frå Samferdselsdepartementet og Møre og Romsdal fylkeskommune, gjennom «Byen som regional motor». Trygg Trafikk er òg ein sentral samarbeidsaktør i prosjektet.

- Som vegeigar er Møre og Romsdal fylkeskommune opptekne av at trafikantane har gode haldningar og kunnskap om å ferdast i trafikken. Dette samarbeidsprosjektet bidreg til at sykkelferdigheitene blir betre, at fleire blir tryggare langs vegane, og at fleire kan bruke sykkel som framkomstmiddel, seier Henny Totlandsdal, rådgivar i Plan og trafikk, i Møre om Romsdal fylkeskommune. 

Opplæring inneheldt ei sykkelløype inne på skoleområdet, i tillegg til en sykkelløype ute i trafikken. Elevane fekk prøve seg på å sykle på høgre side av vegen, sykle i åttetal for å trene på blikk for trafikken, samt fletting med andre syklistar. Kvar klasse på mellom 20 og 30 elever har fått ein klokketime med sykkelopplæring, samt at dei må gjennom en sykkelsjekk for å sørge for at utstyret dei brukar er trygt. Elevane har òg vore gjennom ein teoridel. 

Film frå opplæringa

Molde kommune har laga ein film frå opplæringa som syner nokre av aktivitetane ungane har vore gjennom, og som seier meir om kva prosjektet er.