Samferdselsministeren besøkte Trollstigen

Fylkesordførar Anders Riise (H) ønskte onsdag samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) velkommen til befaring i den rasutsette Trollstigen, for å gjere han betre kjend med utfordringane på strekninga.

Samferdselministeren fekk ei rask innføring i bakgrunn for stenginga av fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen, og om kva som kan gjerast på kort og lang sikt for å betre situasjon. 

Etter at media hadde gjort sine intervju, gjekk turen vidare til Rauma rådhus for eit drøftingsmøte i regi av fylkesordføraren, der tema var kva som er moglege vegar vidare.  I dette møtet deltok mellom andre fylkeskommunen, samferdselsdepartementet og ordførerane i Rauma og Fjord kommunar.