13 representantar frå samferdselsutvalet deltok på turen.
Else Britt Ervik
Samferdselsutvalet reiste i førre veke gjennom fleire kommunar for å få oppdateringar om lokale behov og utfordringar, og for å sjå korleis ulike prosjekt påverkar kvardagen til folk og næringsliv. Undervegs møtte dei både innbyggarar, ordførarar og bedriftsleiarar som fekk høve til å presentere sine saker og stille spørsmål direkte til fylkespolitikarane. Det var administrasjonen i fylkeskommunen som arrangerte synfaringa.
Stette-krysset og Nordøyvegen blant hovudpunkta
Eitt av prosjekta som fekk merksemd var krysset på Stette, der eit innbyggjarinitiativ ønskjer tryggare kryssing av fylkesvegen. Utvalet fekk orienteringar om trafikktryggleik og lokale behov før dei reiste vidare til fleire stopp langs Nordøyvegen, inkludert Lausundholmen og Finnøybrua.
I Haram kommune deltok både politisk leiing og næringsliv i dialogmøte, der transportbehov, utviklingsplanar og utfordringar blei drøfta.
Frå Småge til Hustadvika
Utvalet fekk orienteringar frå Vikenco og Aukra kommune, der ein var innom tema som transportbehov, beredskap og kritisk infrastruktur.
I Hustadvika kommune fekk utvalet ei brei orientering på rådhuset i Elnesvågen, før dei reiste vidare til Tustentunnelen og Årødalskrysset i Molde kommune for å sjå nærare på trafikale utfordringar og planlagde tiltak.
Synfaringa blei avslutta med omvising på det nye bussdepotet til FRAM på Årø i Molde, der der det blei orientert om drift, investeringar og framtidige behov.
- Det har stor verdi å få møte kommunane og sjå prosjekta ute i felt. Slike synfaringar gir politikarane eit betre grunnlag for dei vurderingane og prioriteringane som skal gjerast framover, seier samferdselsdirektør Jesper Wiig.
Politisk brei deltaking
Desse deltok frå Samferdselsutvalet:
Hans Olav Myklebust (Frp, leiar), Gro Anita Loen Sve (Frp), Torgeir Dahl (H), Anne Sølvi Vatne (H), Lene Larsgård (H), Geir Ove Leite (Ap), Nils Olav Moen (INP), Bjarne Kvalsvik (KDL), Lisa Alvestad (Sp), Pål Farstad (V), Anders Lindbeck (SV), Jack Narve Sæther (Ap) og Inge Aukan (KrF).