Samferdselsutvalet si årlege synfaring gjekk til Nordmøre

Denne veka var politikarane i samferdselsutvalet på den årlege synfaringa for å gjere seg kjent med samferdselsprosjekt, -planar og -utfordringar i fylket. I år var synfaringa i hovudsak lagt til Nordmøre.

Ei stor gruppe personar i gule vernevestar står framfor ei port inne i ein tunnel. Foto - Klikk for stort bileteSamferdselsutvalet har vore på synfaring på Nordmøre. Her i lag med representantar frå samferdselsområdet nede i Atlanterhavstunnelen. Susanne Aare Dahl

Det er samferdselsområdet i fylkeskommunen som arrangerer den årlege synfaringa, og leiargruppa er med og orienterer og svarar på spørsmål. Reisa går føre seg med buss, med ei rekke orienteringar og stopp undervegs.

Synfaringa starta måndag 6. mai i Molde. Her var det først ei orientering om bussdepotet som er under bygging på Årø, før eit stopp på den nye ferjekaia på Sølsnes, som snart er klar for elektrisk drift.

Fylkesvegprosjekt

På vegen vidare mot Kristiansund fekk utvalet fleire orienteringar, mellom anna om vegstandard og vinterdrift på fylkesvegane. Både gjennomførte og planlagde fylkesvegprosjekt og behov for framtida, som vegvedlikehald og trafikktryggingstiltak, var tema. Bussen gjorde eit kort stopp i Angvika, der utvalet blei møtt av ordførar i Gjemnes kommune, Knut Sjømæling.

Bussdrift i Kristiansund

En gruppe mennesker står foran en ladestasjon. Foto - Klikk for stort bileteDet nye bussdepotet i Kristiansund: Kontraktsforvaltar for rutepakken Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla, Stein Fredrik Røstberg i FRAM, orienterer om depotet og bussdrifta.

Også i Kristiansund er det nytt bussdepot under bygging, og her er klargjeringshall og administrasjonsbygg snart på plass. Delar av depotet er allereie tatt i bruk, med ladestasjonar for dei mange elektriske bussane som går i Kristiansund. 

Vidare var det mellom anna orienteringar om fylkeskommunen sitt arbeid på Kranavegen, om bypakke Kristiansund, og om FRAM sitt arbeid innan mobilitet.

På trafikkterminalen i sentrum møtte utvalet demonstrantar frå Naturvernforbundet som demonstrerte for togbussen mellom Sunndal og Oppdal.

Møte i samferdselsutvalet

Tysdag 7. mai tok utvalet Sundbåten frå Innlandet til Kirklandet om morgonen. Møtet i samferdselsutvalet blei denne gongen halde i fylkeskommunen sine lokale på F13. Mange demonstrantar for togbussen hadde møtt opp, og det blei derfor sett ut høgtalarar slik at alle kunne få med seg behandlinga av saka om togbussen.

Atlanterhavstunnelen

Ei gruppe mennesker i gule vernevestar inne i ein hall . Foto - Klikk for stort bileteNede i Atlanterhavstunnelen fekk samferdselsutvalet og leiinga for samferdsel orientering frå teamleiar for "Tunnel, geofag og elektro" i vegdriftsseksjonen, Olav Amund Myklebust (nr. fem frå venstre).

Etter møtet sette politikarane seg igjen på bussen for å fortsette synfaringa. Denne delen av reisa starta med ei synfaring nede i Atlanterhavstunnelen. Her fekk dei informasjon om korleis tunnelane på fylkesvegane blir drifta, om tekniske løysingar og om planlagde og naudsynte tunnelutbetringar. 

Ordførar i Averøy kommune, Ingrid Ovidie Rangønes, møtte utvalet og var med på delar av etappen i kommuna.

Vêrhardt miljø

Ei gruppe menneske i gule vernevestar står ved sidan av ei bru. Bilveg i bakgrunnen. Foto - Klikk for stort bileteBruene på Atlanterhavsveggen står i eit svært vêrhardt miljø: Bru- og kaiforvaltar Ingrid Anne Lervik lærer utvalet meir om korleis desse og andre fylkesvegbruer blir drifta og vedlikehaldt.

På Atlanterhavsvegen var kystbruer eitt av tema. Desse bruene står i eit ekstremt miljø med tanke på ver og vind, og er derfor meir utsette for korrosjon enn andre bruer. Politikarane i samferdselsutvalet fekk ei innføring i korleis fylkesvegavdelinga jobbar med drift og vedlikehald av desse og andre bruer i fylket.

Bussen køyrde deretter om Vevang mot Molde. Det var ikkje fleire stopp på denne delen av synfaringa, men ei rekke orienteringar om bord i bussen på vegen tilbake.