Deltakarane diskuterte korleis høgare yrkesfagleg utdanning kan bidra til regional utvikling.
Privat
Målet med samlinga var å styrke samarbeidet om HYU og snakke om korleis fagskoletilboda i fylket kan utviklast ut frå behova i arbeidslivet.
Samlinga vart arrangert 7. mai av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Fagskolen Møre og Romsdal på Campus Kristiansund.
– Høgare yrkesfagleg utdanning blir stadig viktigare for å gi arbeidslivet relevant og praksisnær kompetanse. Derfor treng vi gode møteplassar der fagskulane, arbeidslivet og fylkeskommunen kan diskutere behov og samarbeid, seier Hilde Aspås, næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Nye føringar for fagskolane
Høgare yrkesfagleg utdanning er korte og praksisnære utdanningar på nivå over vidaregåande opplæring. Utdanningane skal møte behova for kompetanse i arbeidslivet.
- Møre og Romsdal fylkeskommune forvaltar statlege driftsmidlar til fagskolane i fylket. I 2026 ble det tildelt 67 millionar.
- Midlane skal bidra til utdanningstilbod som møter kompetansebehova i arbeidslivet.
- Frå 2026 kjem det nye nasjonale retningslinjer for korleis fylkeskommunane skal forvalte midlane.
- Fylkeskommunen får ei tydelegare rolle i å prioritere og dimensjonere fagskuletilbod ut frå regionale kompetansebehov.
- Møre og Romsdal blir det gitt støtte til utdanningar innan mellom anna maritime fag, tekniske fag, helse- og velferdsfag og økonomi- og administrasjon
- Frå høsten 2026 er det er sju fagskoler i Møre og Romsdal: Fagskolen Møre og Romsdal, Norsk fjellfagskole, Ytre kunstfagskole, Fagskolen aldring og helse, Tirna fagskole, Fagskolen diakonova og KBT fagskole
På samlinga presenterte Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) nye nasjonale retningslinjer for tilskotsordninga til fagskulane. Retningslinjene gir fylkeskommunane ei tydelegare rolle i å prioritere og utvikle fagskoletilbod ut frå regionale kompetansebehov.
For Møre og Romsdal betyr dette at fylkeskommunen skal jobbe meir strategisk med utvikling av høgare yrkesfagleg utdanning. Arbeidet skal byggje på kunnskap om kompetansebehov, dialog med arbeidslivet og tett samarbeid med fagskulane.
Skal bli ein fast møteplass
I løpet av dagen presenterte fagskulane tilboda sine, og deltakarane diskuterte korleis høgare yrkesfagleg utdanning kan bidra til regional utvikling.
Eit viktig tema var korleis fylket kan leggje til rette for meir samarbeid mellom fagskular, arbeidsliv, studiesenter og andre kompetanseaktørar.
Målet er at HYU Møre og Romsdal skal bli ein fast møteplass for samarbeid og utvikling av fagskoesektoren i fylket.
Her er dei som var samla på Campus Kristiansund.
Privat