Sekkenferja.
Kai Bedringås
Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune har tilrådt samferdselsutvalet i sitt møte 17. september å sende ei formell oppmoding til Molde kommune. Denne går ut på å avklare om det framleis er aktuelt å ha ferjeanløpet i Molde sentrum. Dersom kommunen ikkje ønskjer ferjeanløp på dagens lokasjon, må alternative løysingar vurderast.
I samband med planarbeidet for ny ferjekai har Statsforvaltaren stilt spørsmål om alternative anløpsstadar er vurdert. Dette kjem av at området der dagens kai ligg, vart omregulert til bustadføremål av Molde kommune i 2011. Ferjekaia er dermed ikkje lenger regulert til transportføremål.
Sølsnes ferjekai er eitt av alternativa som har vore nemnt. Det kan vere ei meir kostnadseffektiv løysing enn å bygge ny kai i sentrum, men vil føre til ein noko lengre reiseveg for dei som skal til Molde sentrum.
Kostnaden for ny ferjekai i Molde sentrum er estimert til 126 millionar kroner. Dersom ferja flyttast til ein annan lokasjon, må økonomiske og praktiske konsekvensar utgreiast nærmare.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker ei avklaring frå Molde kommune, slik at planarbeidet kan gå vidare.
Det er for øvrig to ferjekaier i Molde sentrum. Kaia til sambandet Molde-Sekken ligg ved sida av kaia til sambandet Molde-Vestnes. Denne saka omfattar ikkje sistnemnde.