Seks ønske frå ungdomspanelet

Ungdomspanelet bad fylkestinget ta med seks punkt inn i behandlinga av neste års budsjett.

Ungdomspanelet. - Klikk for stort bileteUngdomspanelet på plass i Geiranger. Per-Kristian Bratteng

Punkta vart lagt fram under ungdommens spørjetime på fylkestinget tysdag. Ungdomspanelet har vore samla i Geiranger frå søndag, og fylkestinget vart opna måndag.

Dei seks punkta til budsjettet er

  • at fylkeskommunen legg til rette for eit betre samarbeid mellom offentlege og private aktørar for arbeidsplassar til ungdom.
  • at fylkeskommunen sett av øyremerka midlar til fylkestreff for avgangsmarkering  
  • at FRAM Ung sin takst blir uendra
  • at fylkeskommunen bevarer støtta for lag og organisasjonar økonomisk
  • at fylkeskommunen sikrar samhald og framkomst mellom distrikta ved å oppretthalde det noverande tilbodet Timeekspressen. 
  • at fylkeskommunen bevarer driftstilskotet til skulane 

Leiar Magnus Smørdal i Ungdomspanelet er ikkje i tvil om kva som er viktigast av dei seks punkta: Å bevare driftstilskotet til skolane.

– Utdanning er noko av det aller viktigaste som fylkeskommunen har ansvar for, og som er viktigast for oss ungdom. Og så har FRAM Ung vore ei hjartesak for oss ungdom; at tilbodet er til ein såpass låg pris at det blir brukt og kjøpt av ungdom, seier Smørdal.

– Kva forventar de av politikarane?

– Først og fremst at dei ikkje kuttar meir. Vi ser kor vanskeleg den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen er i dag, og at det må kuttast. Men det forsvarar ikkje å kutte i dei tilboda vi meiner er viktige, seier leiaren av Ungdomspanelet.

Budsjettet for 2025 blir vedtatt i desember av fylkestinget.