Seks stipendiatar i startgropa – skal forske på sirkulære system

Det første nettverksmøtet markerer starten på ei spennande reise med seks forskingsprosjekt. Prosjekta skal utforske utviklinga av «Sirkulære system for eit berekraftig Møre og Romsdal».

Personar rundt eit møtebord. - Klikk for stort biletePå bildet frå venstre: Ajay Kumar, Siv Marina F. Grimstad, Turid Strøm, Maximilian Koch, Jorunn Sem Fure, Helene B. Eskeland, Artur K. Swierczek, Lise L. Halse, Lucky J. Sapkota, Margrete Emblemsvåg, Kristina Kjersem. Anne-Marie Hatlestad

Kvar av dei seks prosjekta har ei unik tilnærming til feltet, og under nettverksmøtet vart det presentert ulike aspekt ved sirkulære system som skal utforskast.

Prosjekta spenner frå berekraftig forvaltning av marine- og landbruksressursar, motstandsdyktigheit og berekraft i leverandørkjedar,  til optimalisering av miljøpåverknaden i design, produksjon, forbruk og avhending av produkt og tenester. Målet er å redusere miljøavtrykket gjennom tverrfaglege tilnærmingar som tek omsyn til økonomi, miljø og samfunn. Utgangspunkter for forskinga er  eksisterande standardar og metodar som er tilpassa lokale industriar. Forskinga skal finne måtar å støtte den grøne omstillinga gjennom utvikling av modellar som fremmar gjenbruk og resirkulering av materialar og ressursar.

Finansiert av fylkeskommunen

Dei seks stipendiatstillingane er finansierte av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nettverket har som mål å legge til rette for eit godt samarbeid mellom stipendiatane og andre tilsette ved forskingsinstitusjonane, næringslivet og offentleg sektor i fylket. Dette vil bidra til at prosjekta har relevans og praktisk bruk av forskinga for næringslivet og kommunane i Møre og Romsdal.

Internasjonal forsking

Annik Magerholm Fet er ein av rettleiarane. Ho understrekar at forskinga skal være internasjonal, men at resultata må vere synlege i Møre og Romsdal.

– Vi ønsker å sikre at den grøne omstillinga ikkje berre er berekraftig for miljøet, men òg lønsam for bedrifter og samfunnet, seier ho.

Nettverksmøtet blei arrangert i Molde den 22. januar.