Seljakta er i gang

 Den 2. januar opna den kvotebaserte jakta på kystsel i Norge. Møre og Romsdal er tildelt ein kvote på 41 steinkobbe i 2025.

eit knippe selar i sjøen, men fjell i bakgrunnen - Klikk for stort bileteSeljakta opna den 2. januar Stein Watten

-Dette er den største kvoten på steinkobbe fylket er tildelt dei siste ti åra, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lisbeth Nervik.

Ei telling utført av Havforskingsinstituttet i 2024 viser ein auke i bestanden av steinkobbe i Møre og Romsdal. Jaktkvota er derfor justert frå 16 til 41 dyr i høve til forvaltingsplanen for steinkobbe.

Søke løyve

For å jakte på kystsel (steinkobbe og havert) må ein søke om løyve, og jegerar må ha avlagt skyteprøve. Det er fylkeskommunen som behandlar søknadane og tildeler løyve, og også her ser Nervik ein auke. 

-Dei tre siste åra har vi behandla rundt 100 søknader årleg, men for 2025 har vi behandla over 150 søknadar, seier Nervik. 

Norsk sjøpattedyrpolitikk baserer seg på at forvaltinga av kystsel skal sikre levedyktige bestandar innafor deira naturlege utbreiingsområde, men at bestandstilvekst også må regulerast for å avbøte skadar for spesielt fiskerinæringa.

-Eg opplever at vi har eit engasjert og kompetent jegermiljø i fylket, og eg er imponert over oppslutninga rundt seljakta, seier Nervik. 

Fakta om kystsel

Kystsel er sel som lever heile livssyklusen sin ved kysten. Langs Norskekysten er dette i hovudsak havert og steinkobbe. Steinkobben eller fjordsel som den også vert kalla, høyrer til selfamilien og oppheld seg i hovudsak i kystnære områder. Steinkobbehannen er større enn hoa, og kan verte 180 cm lange med ei vekt på 130 kg. Hoa vert inntil 150 cm og rundt 80 kg. Havert eller gråsel/havkobbe høyrer til ein selart i familien «ekte selar», og er den største av selane som lever i norske farvatn. Hannen kan verte over 3 m lang med ei vekt på over 300 kg, medan hoa vert opptil 2,5 meter lang og har ei vekt på opptil 200 kg. Desse selane lever i hovudsak på dei ytste skjæra langs kysten, men kan vandre inn i fjordane om vinteren. Kystsel et for det meste fisk, men krepsdyr, blautdyr og til og med fuglar står på menyen. Haverten kan ete opptil 4-5 kg mat om dagen.