Set ned prisen på periodebillettar med 100 kroner

Nei, dette er ingen aprilsnarr. Frå 1. april blir det billegare å reise med 30-dagars periodebillettar i Møre og Romsdal. 

Samferdselsutvalet vedtok den 18. mars å redusere prisen med 100 kroner for alle 30-dagarsbillettar.

Prisreduksjonen gjeld periodebillettar for både buss og hurtigbåt. Hans Olav Myklebust (FrP), leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, var glad for vedtaket:

– Dette er gode nyheiter for dei som reiser ofte med buss og hurtigbåt. Vi er glade for å kunne sette ned prisen på 30-dagars periodebillettar og slik gjere kollektivtilbodet enno meir attraktivt. Vi håper enda fleire vil reise kollektivt, seier han.

Tiltaket er ein del av den statlege ordninga for reduserte prisar på 30-dagars periodebillettar i 2026. Møre og Romsdal fylkeskommune søker om midlar frå ordninga, og samferdselsutvalet har vedteke korleis prisreduksjonen skal gjennomførast innanfor den tildelte ramma på 9,763 millionar kroner.

Dei nye prisane gjeld frå 1. april 2026 og ut året.

Du kan sjå alle dei nye prisane på frammr.no
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet onsdag 18. mars

Kontaktperson 
Hans Olav Myklebust, 90 50 45 37